Mange synst det er vanskeleg å vita kva som er riktig måte å vaska bunadskjorta si på, og me har difor laga disse videoene til deg som vil læra deg å gjera det på den enkle og gode måten. Dei fleste bunadskjorter bør vaskast forsiktig for hand, men det er ikkje vanskeleg! 

Du treng:

  • Ei stor vaskebalje
  • Såpespon eller anna mildt vaskemiddel utan enzym
  • Ein stor handduk som er anten kvit eller veldig utvaska

Viss skjorta di er veldig skitten, kan du leggja henne i bløyt i kaldt vatn kvelden før slik at ho er godt gjennomblaut før du startar med vaskinga.NB! Skjorter med farga broderi må ikkje ligga i bløyt.

Bruk ca. 10 liter lunka vatn i ei stor balje slik at du har plass til å bevega skjorta rundt i vatnet. Pass på at balja er heilt rein og ikkje har flekkar eller farge som kan smitta over på skjorta.

Kjenn på vatnet at det ikkje er for varmt til å stå med hendene nedi over litt tid. Omtrent passeleg badetemperatur for ein baby er også fint for skjorta di! Ha ca 2 ss såpespon i vatnet og rør forsiktig med handa eller ei sleiv til alt sponet har løyst seg opp. Se på pakninga kva som er riktig dosering viss du brukar eit anna vaskemiddel.

Legg skjorta forsiktig ned i vatnet og spre henne ut så såpa kjem til overalt. Beveg skjorta forsiktig fram og tilbake, og klem gjerne litt på skjorta under vatnet. Sjekk gjerne inni kragen og handleddlinningane om det er flekkar eller gule striper der. Gni eventuelt litt forsiktig på slike flekkar, men ikkje for hardt!

Når du er nøgd med at skjorta er blitt rein, tar du henne forsiktig opp av vatnet og klemmer ut mest mogleg såpevatn frå skjorta utan å vri. Legg skjorta til side og fyll baljen med reint vatn av same temperatur som du har vaska i, og skyll skjorta i dette vatnet. Gjenta dette fleire gonger til det siste skyllevatnet er heilt glasklart og utan spor av såpe. Det skal se ut som du kunne ha lyst til å drikka det!

Klem ut mest mogleg vatn av skjorta igjen og legg ein stor handduk på bordet. Legg skjorta flatt på handduken og rull dette saman til ei pølse. Klem vatnet ut av skjorta ved å lena deg så tungt du kan på denne pølsa. Rull ut og snu handduken med den tørraste sida mot skjorta, og gjer det same ein gong til. Før du heng skjorta til tørk, kan du godt strekka henne litt ut, men ver forsiktig med broderiene. Når du strekker litt i skjorta, blir jobben enklare med stryking.

Viss du skal bruka skjorta di allereie dagen etter, kan du stryka henne mens ho framleis er litt fuktig. Men viss den nyvaska skjorta skal rett i skapet, er det lurast å legga henne pent bort utan stryking - då er det mindre sjanse for at ho gulnar. Me anbefaler å oppbevara bunadskjorter pent samanbretta inni eit gamalt putevar eller ein annan tøypose som pustar.

Her kan du se video som viser hvordan du vasker: