Ei ekte bunadprinsesse

2. September 2019

Lørdag 31. august 2019 stod H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra konfirmant, og i gåve frå kongeparet fekk ho ein særs flott bunad frå Aust-Telemark.

Tradisjonell og personleg

Det Kongelege Hoff har gjort eit stort og godt arbeid med å få med seg dei framste av fagfolk innan drakthistorie og dei flinkaste handverkarane til å produsera bunaden. Gamle folkedraktplagg er blitt studerte nøye og kopierte nøyaktig, med personlege tilpassingar til Prinsessa sin kropp og smak — akkurat slik det blei gjort på slutten av 1700-talet. Resultatet er ein bunad ingen andre har lik, men som likevel heilt tydeleg er ei raudtrøyedrakt frå Aust-Telemark.

Forkleet til Prinsessa er basert på eit gamalt brudeforkle som er i privat eige, men har vore utstilt hjå Heddal bygdetun i fjor. Der fekk me sikra oss eit bilete, og du kan til dømes se at dette gamle forkleet har innbrodert riksløva. Denne detaljen er kopiert til H.K.H. Ingrid Alexandra sitt forkle, og i tillegg har ho fått på kongeparet sitt monogram, som merke på kven gåva kjem frå. Slike givarmerker var også vanlege i folkedraktperioden.

Mange velkjente og dyktige handverkarar og andre fagfolk har vore involverte i prosjektet. Konservator ved Norsk Folkemuseum, Kari-Anne Pedersen, har sauma forkleet og skjorta. Filigransmed Hilde Nødtvedt har laga slangesølje, hornring og mansjettknappar. Brikkevevar Torkjell Sletta har stått for vippebandet, Gro Sletta har fletta hoseband og Helga Fahre Bergland har vevd beltet og forklebandet. Og HM Dronning Sonja har sjølv hatt ein finger med i spelet — ho har nemleg brodert vadmålsokkane til Prinsessa. Camilla Goffeng har stått for det meste av monteringa, med unntak av den raude trøya, som er brodert og sydd av Helen Juell.

Hennar majestet Dronning Sonja trakk òg fram bunaden i si tale til konfirmanten:

På denne store dagen bærer du røttene dine bokstavelig talt med deg – ja på deg! Den nye Aust-Telemarksbunaden din, som du selv har vært med å skape fra første stund, forener gamle mønstre, farver og smykker på en helt unik måte spesielt for deg. Det knytter seg en særegen historie til søljen du bærer på brystet:

For to år siden fikk jeg nemlig en sølje i gave av min nå 99 år gamle kusine. Den hadde min fetter funnet for mange år siden på branntomten etter min mors barndomshjem i Skien. Søljen hadde tilhørt min bestemor Maja. Nå har vi gjenskapt den, og vi kaller den «Majasøljen». Den får både du og de andre barnebarna i anledning deres konfirmasjon.

Bunaden knytter familiebånd, kulturarv og tradisjon sammen med kreativ fornyelse.

Den er bevaring og nyskaping på samme tid. Jeg håper du vil bli riktig glad i bunaden – og bruke den ofte!

Magasinet BUNAD er i eitt og alt samde med Dronninga, og er svært glade for at Kongefamilien står føre som gode eksempel for nettopp bevaring av og nyskaping innanfor den rike drakttradisjonen vår.

Me gratulerer H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra med konfirmasjonen og med bunaden!

Kjelder

Artikkelen er basert på opplysningar frå Det Kongelege Hoff, NRK og konservator Kari-Anne Pedersen. Les meir om bunaden til H.K.H. Ingrid Alexandra hjå NRK og i pressemeldinga frå Det Kongelege Hoff.

Heile talen frå H.M. Dronning Sonja til H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra er tilgjengeleg hjå Kongehuset sin nettstad.

Sist endra 2.9.2019 kl. 14.50

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...