Askerbunad til H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra

3. September 2019

Med røter i Telemark frå farmora, har den nykonfirmerte Prinsessa vald å bruka ei rekonstruert folkedrakt frå Aust-Telemark på sin store dag, noko som har fått stor merksemd. Men Prinsesse Ingrid Alexandra er oppvaksen i Asker, som også har sin eigen bunad.

Frå bynær mote til bunad

Som konfirmasjonsgåve frå Asker kommune og Asker husflidslag fekk H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra ein festbunad frå Asker, personleg tilpassa til Prinsessa sine mål. Mange har sett Prinsessa i bunad frå Asker før, nærare bestemt ein variant som ofte blir kalla sommarbunad eller kvardagsbunad. Konfirmasjonsgåva er av same typen som H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sin askerbunad, ein festbunad med raudt liv, smalstripete stakk og svart silkeforkle.

Askerbunaden er utarbeidd på grunnlag av det generelle motebildet rundt hovudstaden på slutten av 1700-talet og starten på 1800-talet. Det er få bevarte plagg frå Asker, men drakta er utarbeidd etter modellar ein kjenner frå fleire andre stader med same motedraktskikk, og stoffene i drakta er kopierte etter stoffprøver frå Asker på 1700-talet. Skjøtelivet har eit snitt som er typisk for århundreskiftet rundt 1800, og dei øvrige plagga til drakta er utforma i stil med plagg frå same epoke. I dag blir denne bunaden produsert av Asker husflidslag, som også held kurs for den som vil sy sjølv. Bunaden er heilt utan broderi, men alle stoffene er handvovne — og den som er ekstra flittig, kan veva stoff sjølv til delar av sin eigen bunad.

Det er også utarbeidd ein mannsbunad frå Asker, som H.K.H. Kronprins Haakon Magnus ofte blir sedd i. Denne bunaden er utarbeidd på grunnlag av skriftlege kjelder frå 1805-1807. H.K.H. Prins Sverre Magnus hadde også barnebunad frå Asker som liten, men er i det siste oftast kledd i dress ved offisielle høve. Men kanskje blir han også å se i ein eller fleire bunader i framtida?

Bildet viser askerbunadene som Kronprinsfamilien eig frå før. Den nye bunaden til H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra er i det vesentlege lik Kronprinsessa sin bunad på bildet.

Kjelder

Artikkelen er basert på informasjon frå Det Kongelege Hoff, Asker husflidslag og Norsk Bunadleksikon (N.W. Damm & Søn, 2006).

Sist oppdatert 3.9.19. kl 12.48

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...