Bunadordliste

12. September 2019

Kva er ein kvarde, kor finn du ein bringesnibb, og kven er det som kalanderer? Desse og mange andre uttrykk på bokmål, nynorsk og dialekt har me samla i ei ordliste for bunad og folkedrakt.

Finn du noko feil, har du kommentarer til ein definisjon, eller saknar du eit ord? Skriv til oss på kundeservice@bunad-magasinet.no med "bunadordliste" i emnefeltet.

A

À jour eller ajour er henta frå fransk og tyder i tekstilsamanheng hòlmønster. Det kan vera svært ulike teknikkar som skapar mønsteret, til dømes veving, broderi, utskjering, strikking osv.

Agg: Se musetaggar.

Agneste/agnestei: Se Agnus Dei.

Agnus Dei, agnestei, angeste og brudedalar er vanlege namn på eit stort, rundt halssmykke som bruden har på seg under bryllupet. Smykket heng i eit langt kjede og kan vera med eller utan påmontert dingel. Gamle Agnus Dei-smykke var gjerne laga av ein stor sølvmynt, og namnet kan koma av latinske inskripsjonar på myntar frå 1600- og 1700-talet (Agnus Dei tyder «Guds lam» på latin).

Agraman er eit pynteband, gjerne av metalltråd, som oftast fletta, knytta eller vevde for å likna på handknytta band.

Akslebot: se lask

Angeste: se Agnus Dei.

Aoliv: Dialektord frå Voss, se ovaliv.

Appretur kjem frå fransk og betyr etterbehandling. I tekstilsamanheng blir ordet bruka om ulike industrielle behandlingar av metervarer, til dømes glansing eller stiving. Appretur kan også brukast om ulike tilsettingsstoff bruka til etterbehandling, som stivelse, voks eller kjemikalier.

Atlask er ei vevbinding der bindepunkta er spreidde slik at kun innslaget er synleg på den eine sida og renninga på den andre. Sateng er eit eksempel på atlaskvevd stoff.

Attersting er ein vanleg stingtype til handsaum, som på retta ser ut som maskinsaum og på vranga som kontursting (se dette).

Attnæling: Se kontursting.

Augesølje: Se skålesølje.

Austmannarenning er ein broderiteknikk der tråden dannar rekker av små kvadrat på retta og krossar på vranga. Blir også kalla raskerenn, kvadratholsaum og holrand.

B

Bai, bay eller boi er eit gamalt handelsnamn på ein type flanell av ull.

Bandgrind eller vevgrind er ein redskap til å veva smale band med. Renninga består av botn- og mønstertrådar (varp) som blir trædde gjennom grinda i eit gitt system. Ved å løfta eller senka grinda får vevaren fram skil til toskaftbinding av botnvarpen og kan enkelt plukka mønster i mønstervarpen.

Bandstøre, bandrei eller bandvevrei er ein liten oppstadvev til smale band i plukketeknikk.

Bandvev er eit samleomgrep for mange ulike vevteknikkar som blir bruka til å veva smale eller breiare band, til dømes grindband, plukkeband, kelimband eller brikkeband.

Baskerlin er eit blandingsstoff av bomull og lin der renninga er av eitt slag fiber og innslaget av det andre. Baskerlin kan vera vevd i ulike bindingar, men det vanlegaste er toskaft, ofte med ripseffekt slik at linet er mest framtredande. Baskerlin har ofte ein stiv appretur (se dette).

Batavia er eit handelsnamn på ulike typar stoffer, ofte med mønster og oftast vevd i likesida kypertbinding.

Batist eller battiste er eit tynt og mjukt lerret som er litt gjennomsiktig, opphavleg av lin. Seinare også bomull og silke.

Belteklut er ein duk som heng frå beltet, oftast på kvinnedrakter og gjerne som brudepynt. Beltekluten kan vera eit silketørkle eller anna fint kjøpestoff, eller flott brodert linlerret.

Beltestakk er ei folkedrakt frå Aust-Telemark som blei vanleg frå midten av 1800-talet og framleis var i bruk då bunadrørsla vaks fram. Beltestakken er ein vid, rynka stakk av svart ullstoff med kort livstykke og breidt, brikkevevd belte.

Binding kan bety strikking, fletting, knytting, filering eller veving, og må tolkast ut frå kva for dialekt, region og plaggdel det er snakk om.

Blonde er eit samleomgrep for hòlmønstra band eller stoff, som kan vera framstilt ved knipling, nuperelle, hekling, strikking, veving eller andre teknikkar.

Blå kan ofte bety svart i folkedraktsamanheng, særleg når det er snakk om garn eller stoff som er farga svart. Naturleg svart ull kunne bli omtala som brun eller grå.

Blåstein: se indigo.

Blåtøy er er eit nokså lett bomullslerret, anten einsfarga eller med vevde striper eller ruter. Blåtøy var billeg og lett tilgjengeleg og blei brukt til kvardagsklede, undertøy og sengetøy. Namnet kjem av at slikt stoff ofte var blått eller hadde blå striper, men mange andre fargar var vanlege.

Bole er eit dekorelement i metallarbeid som ser ut som ei lita, rund dåse med flat topp, gjerne pynta med filigrankrusar.

Bolesølje er ei sølje med heil bakplate der det er lodda på runde boler. Bolesøljer er kjende fleire stader, men særleg vanlege i Setesdal og Telemark.

Bondesølv er eit samleomgrep for alle typar draktsmykke produsert spesielt med tanke på bondestanden på bygdene.

Botthuve: Se pullue.

Bregdaband: se hoseband

Brikkevev er ein bandvevteknikk der renninga blir trædd gjennom hòl i brikker, som regel fire trådar i kvar brikke. Ved å rotera brikkene får vevaren fram neste skil og legg inn innslag. Innslaget blir heilt skjult av renninga og ein får fram ulike mønster ved å rotera brikkene i eit gitt system. Brikkevev er ein svært gamal teknikk og er kjent i Norge frå tidleg jernalder.

Bringeklut, bringeduk, brystduk og fleire andre namn blir bruka om eit flatt tøystykke som ligg i utringinga eller trøyeopninga på ei kvinnedrakt. Dei er ofte broderte eller pynta med perler, men kan også vera til dømes eit fint silketørkle. Det er tradisjon for ulike typar bringeklut i store delar av landet.

Bringesnibb: se brudgomsduk.

Bringesnipp: se brudgomsduk.

Broderismett: se sjonbragd.

Brok er eit eldre ord for bukser. I fleirtal heiter det brøker. Brøker kan vera av alle moglege typar, som langbrok, stuttbrok/kortbrok, klaffebrok (se dette) eller arbeidsbrok. I nokre dialektar er brok framleis det vanlege ordet for bukser.

Brokade er opphavleg eit silkestoff med brosjert mønster av metalltråd. Seinare blei det vanleg å kalla andre, fine stoffer med brosjert mønster for brokade, og i dag er brokade i daglegtalen ofte synonymt med damask.

Brosjering er ein vevteknikk der spreidde enkeltmotiv blir vevde inn i stoffet med kontrastinnslag av metall- eller tekstiltråd. Kvart motiv er vevd inn individuelt slik at det ikkje er lause trådar på vranga. Teknikken blei særleg bruka på damaskvovne tekstilar av ull eller silke, og var eit nitid handarbeid. Med moderne vevteknikk kan brosjerte stoff etterliknast med ulike, digitale jacquardteknikkar, der mønsterinnslaget blir bunde til vranga av botnveven. Brosjering kan også etterliknast ved lansering (se dette).

Brot eller bråt er eit dialektord med litt ulik spesifikk tyding ulike stader i landet, men som fellestrekk betyr det kant eller avslutting på eit plagg. Til dømes opp- eller nedbrett, brem, kant eller vrangbord.

Brudedalar eller brudedaler: Se Agnus Dei.

Brudekrone er eit staseleg pynta hovudplagg, forma som ei krone, som bruda har på seg under bryllupet. Brudekroner kan vera laga av stivt perlenett på skjelett av ståltråd, av papir og tekstil eller mange andre material. Brudekroner av edle metall som sølv og gull er og var svært verdifulle. Tradisjonen med bruk av brudekrone er framleis levande mange stader i landet.

Brudesølv er eit samlebegrep for alle metallsmykke og annan pynt som bruda har på seg under bryllupet. Brudesølv kan også vera av andre metall, til dømes bronse, eller det kan vera forgylt.

Brudgomsduk eller brodgomaduk er ein liten, brodert klut som heng frå halssølja eller ein vesteknapp på bringa til brudgomen. Denne tradisjonen er kjent fleire stader, til dømes i Telemark og på Vestlandet. Duken kan ha ulike namn ulike plasser, til dømes turkaklut, bringesnibb eller bringesnipp.

Brudgomskors eller -kross er eit stort, krossforma smykke som heng i eit langt kjede rundt halsen på brudgommen under bryllupet.

Brystduk kan vera synonymt med anten bringeklut eller vest (se desse)

Busserull er ei underskjorte, arbeidsskjorte eller nattskjorte, oftast til herre, laga av rimeleg stoff, til dømes blåtøy. I Flå er undertrøya til herredrakta kalla busserull.

Byggkornring er ein type hornring (se dette) med dingel som liknar byggkorn. Sølja kan ha laus torn eller nål på baksida. Byggkornring kan brukast av damer og menn og er oftast bruka til å lukka skjortebrystet eller som halsknapp.

Bøling: Se halvskjorte.

C-E

Cape: Se kep.

Damask er eit atlaskvevd stoff der eit mønster kjem fram ved at vekselvis renning og innslag er dominerande. Mønsteret er ofte blomar eller andre naturornament, og kan vera einsfarga (renning og innslag har same farge) eller tofarga (renning og innslag har ulik farge). Damask var opphavleg eit silkestoff frå Damaskus, men ordet blir i dag bruka om vevteknikken uavhengig av materiale og produksjonsstad. Damask av bommull og lin blir ofte bruka til dukar, og ulldamask er vanleg i bunadsamanheng. Damask kan også vera brosjert (se dette).

Dingel er ei samlenemning for all laust hengande pynt på metallsmykker og anna draktmetall.

Doss: se dås.

Dragsaum (bokmål: dragsøm): se smøyg.

Dreglesaum: se smøyg:

Draktøy er eit område, ikkje nødvendigvis ei geografisk øy, der drakttradisjonen skil seg markant frå omkringliggande stader, til dømes ved at folk bruka folkedrakter lenge etter at omegnen var gått over til moteklede. Eksempel på draktøyer i Norge er Setesdal i Aust-Agder og Tinn i Telemark. Eit eksempel frå utlandet er Loosdrecht i Nederland.

Draktmetall er eit samleomgrep for alle gjenstandar av metall som blir bruka til ei drakt. Draktmetall er ofte funksjonelt, som knappar, beltespenner og skjorteringar, men kan også vera kun til pynt, som brudekroner og mange søljer. Draktmetall frå Norge er oftast av tinn, messing, bronse eller sølv, men det finst eksempel på både billegare og meir edle metallslag.

Draktsølv er eit samleomgrep for alt draktmetall laga av polert, oksidert eller forgylt sølv.

Drapé er eit handelsnamn på fint, atlaskvevd kamgarnstoff av ull. I moderne daglegtale blir det ofte kalla smokingstoff.

Dufs eller dufse er eit dialektord som kan bety dusk, sløyfe eller frynse.

Dufsesko er ein gamal type open sko med lav eller moderat hæl. Skoen er ofte pynta med utskore overlær der det ligg eit farga, ofte raudt, fôr bak. På tåa har skoen dusk eller frynser av tekstil eller lær, og det er dette som har gitt skoa namnet.

Døss: se dås.

Dås er ein stakk (se dette) av kraftig stoff, oftast ull, som blir bruka som ytterplagg utpå ein understakk.

Ermebryning er ei smal stoffremse som blir sydd inn i ermesaumen som pynt på ermetoppen.

Ermekjole er ein kjole med lange eller trekvartlange ermer.

Ermelinning er eit anna ord for mansjett.

Ermeliv er ei trøye (se dette) med ermer til damedrakt.

Ermetopp er den delen av ermet som møter skuldera på plagget.

Ermevest er ei nokså tettsittande trøye med ermer som blei bruka mellom skjorta og utpåtrøya eller jakka.

F-G

Faks eller fakse er eit gamalt ord for frynser.

Fangband er pynteband som heng ned frå beltet foran forkledet på ei damedrakt (i fanget).

Fella eller felle er eit anna ord for å rynka, falda eller plissera.

Fellebrok er ei bukse av plissert ullstoff.

Felleskaut er eit hovudplagg til dame av eit stort tøystykke som blir plissert eller falda etter eit gitt system.

Fellestakk er ein stakk av plissert eller rynka stoff.

Filering er ein handarbeidsteknikk der ein lagar blonder med tynn tråd ved å knytta tråden til eit nett som seinare blir fylt med broderi.

Filethekling er ein hekleteknikk som etterliknar filert blonde.

Filigran er ein metallarbeidteknikk, oftast i sølv, der ein lagar gjenstandar og dekor av trådar og kuler. Ordet kjem frå italiensk «fili e grani», som betyr «trådar og gryn». Filigran er svært vanleg i norsk draktmetall, og er kjent frå utlandet frå svært gamal tid.

Filting: se toving.

Firfletting er mønsterfletting med fire og fire trådar. Resultatet blir ein blonde som minner om knipling eller sprang.

Fiskekjølke er ein trøyetype med innsydde kilar (fiskar eller flasker) i nedre delen bak, og som er lengre bak enn framme.

Flakebukse: Se klaffebukse.

Flammaband eller flammebånd er fletta band med flammeliknande mønster i fleire fargar. Ofte bruka som hoseband.

Flanell er eit mjukt stoff av ull eller bomull som er børsta på rettsida slik at det blir loddent.

Flaske er eit flak eller ein kile av stoff som heng mjukt ned i eller frå eit plagg. Flasker kan vera sydde inn som kile eller klipt i eitt stykke med plaggdelen.

Flasketrøye er ei jakke med flasker (se dette) i rygg- eller sidesaumen frå midjen og nedover.

Floss er lause trådar eller løkker som står ut frå eit stoff. Flossen kan vera vevd eller knytta inn under produksjonen av stoffet eller sydd på i etterkant. Eksempel på stoffer med innvevd floss er fløyel og frotté.

Fløyel er eit vevd stoff med floss på rettsida, vanlegvis i kypertbinding eller toskaft. Eldre fløyel kan vera atlaskvevd. Flossen er vevd inn under produksjonen av stoffet og er skoren av slik at han er kort og tett. Fløyelsvev der flossen ikkje blir skoren, men står som løkker opp av stoffet, er kalla frotté.

Forerme: se fyrierme.

Fransk knute: se knutesting.

Fugletøy er eit folkeleg namn på jacquardvevd ullstoff med fuglar i mønsteret.

Fugleøye: Se ringvend.

Førerme: se fyrierme.

Fyrierme, førerme, forerme, lausmansjett (bokmål: løsmansjett), handring, handling, vevling og ein del andre namn blir bruka om lause mansjettar eller pulsvarmarar som ofte blir bruka utanpå ermelinninga på skjorta eller som pynteplagg på handleddet. Slike plagg kan vera både til nytte og dekor, og er ulike plasser i landet laga og dekorerte på ulike måtar, til dømes perlebroderi, strikking med og utan perler, sydd av ullstoff med eller utan broderi osb.

Gehalt betyr innhald eller del, og betyr i metallarbeid kor mykje edelt metall det er i legeringa som er bruka. Vanleg smykkesølv har ein sølvgehalt på 925 tusendelar. Legeringar med mykje edelt metall blir kalla lødige, og lødigheit er eit anna ord for gehalt.

Gjord/gjorde eller gjurd/gjurde er ei band eller reim, oftast av lêr. Mest bruka om belte.

Gravering eller gravyr er mønster rissa inn i metall med eit spisst eller kvasst verktøy. I moderne metallarbeid kan gravering gjerast med laser.

Grunnsøm er eit samleomgrep for ulike stingtypar og broderiteknikkar som blir bruka til å dekka over store felt i eit mønster.

Grå kan på mange dialektar, særleg i eldre tid, bety ubleikt kvit, spesielt om ull.

Gåsøye: Se ringvend.

H-J

Halsknapp er eit lite smykke som blir bruka til å samla skjortekragen. Det kan vera ein enkel eller dobbel knapp, ei lita nål, ring, sprette eller sølje.

Halvlin er eit stoff vevd av halvparten lin og halvparten bomull, der renninga er av det eine materialet og innslaget av det andre. Halvlin blir produsert i mange ulike vevteknikkar og kvalitetar, ein av dei er baskerlin (se dette).

Halvskjorte eller halsskjorte er eit undertøyplagg som blei bruka under skjorte eller trøye. Halvskjorta er eit skjortebryst med krage, og dekker skuldrene og øvre del av ryggen samt brystet, men har ikkje ermer. Har mange alternative namn på ulike dialektar, t.d. lygar, ljugar, bøling eller hæsjskjort(e).

Handling: se fyrierme.

Handring: se fyrierme.

Hardangersaum eller hardangerbroderi er ein stilart innan kvitsaum som er mest kjent frå folkedrakter i Hardanger, men i moderne tid svært populær også på dukar og andre interiørtekstilar. Hardangersaum er strengt geometriske mønster samansett av enkel og dobbel uttrekksaum, plattsaum, klostersaum og utskurdsaum.

Hardangersøm: Se hardangersaum.

Hatteklede, kasteklede eller kasteplagg er ein duk pynta med broderi eller blonder som bruden bar over kruna eller hovudplagget i kyrkja under bryllupet. Etter vigselseremonien blei hattekledet tatt av.

Hatteklut er ein mindre duk enn hattekledet, bruka til å pynta hatten til herredrakter, særleg i Setesdal. Også kjend frå Telemark.

Hedebosøm er eit samleomgrep på ulike kvitsaumteknikkar som var vanlege i Hedebo i Danmark.

Hjartesølje eller hjertesølje er ein brosje med eller utan dingel som har same funksjon som ei sølje.

Hòlfald (bokmål: hullfald) er ein saumteknikk som blir bruka til å falda inn tøystykke med, særleg bruka på teljelin og andre lausvvne, symmetriske stoff. Hòlfald er ein samantrekksaum som gir små hòl tett i tett langs falden.

Hodeplagg: se hovudplagg.

Hornring er ei halssølje med to loddrette stavar, horn, ein på kvar side. På horna er det festa dingel eller annan dekor. Byggkornring er ein type hornring.

Hoseband (bokmål: hosebånd) er eit langt, smalt band som blir surra rundt leggen rett under kneet for å halda strømpen oppe. Hoseband er ofte fletta, men ulike vevde band er også i bruk.

Hovudplagg (bokmål: Hodeplagg) er ei samlenemning for alle typar kledeplagg til å bera på hovudet, til dømes hattar, luer, skaut og hetter.

Hullfald: Se hòlfald.

Hvitsøm: Se kvitsaum.

Hylk, hyllik eller høllik er eit hovudplagg, ofte til barn. Det kan vera eit rektangulært tøystykke som blir festa til hovudet på ulike måtar, eller ei rynkelue av tynt, lett stoff.

Indigo, eigentleg indigotin, er eit blått fargestoff som blir utvunne av ulike planter og har fått namn frå planten Indigo tinctoria. Indigo må løysast opp i ammoniakk ved bruk, og har fått tilnamnet potteblått av di gamle metodar nyttar ammoniakk frå urin. I moderne tid blir ordet indigo også brukt som namnet på den mørke blåfargen som ein får frå farging med indigotin, uavhengig av kva for pigment som er bruka. Nokre plasser blei indigotin kalla blåstein av di det blei seld som harde klumpar som måtte raspast eller malast til pulver.

Innslag, islett eller veft er dei trådane i ein vevnad som går på tvers av lengderetningen på stoffet.

Islett: Se innslag.

Jakke er ei relativt kort trøye med ermer og opning i heile lengda foran. Lengre trøyer med opning på same måten blir kalla frakk eller kjol til herredrakter og kåpe til kvinnedrakter.

Jersey er eit tettstrikka stoff, opphavleg av ull. I moderne tid er jersey vanlegvis av bomull og/eller syntetiske material.

K

Kalandering er ei etterbehandling av stoff der varme, press og friksjon gir stoffet ei blank, glinsande overflate. Det kan brukast ulike tilsettingar for å forsterka effekten, til dømes gummi arabicum.

Kalemank er eit handelsnamn på blankt, fint stoff av rein ull eller blandingar av ull og silke og/eller geitehår. Som regel vevd i atlask- eller kypertbinding, gjerne i kombinasjon med flotterande mønsterbindingar. Stoffet er klandert (se dette) for å bli blankt og fast. I Norge er damaskvevd kalemank med eller utan brosjering det vanlegaste, men kalemank kan også vera stripete eller ha andre typar mønster i ein eller fleire fargar, eller vera utan mønster.

Kamelgarn eller kammelgarn er tynt kamgarn av mohair, kamelhår eller ull, oftast bruka som broderi- eller sytråd.

Kamelot var opphavleg eit toskaftvevd stoff av kamel- eller geitehår. Etter kvart blei det vanleg å kalla kalandert toskaftstoff av ull for kamelot. Kamelot kan vera einsfarga eller mønstra.

Kamgarn er garn spunne av kjemma ull eller annan hårfiber slik at alle fibrane ligg parallelt med trådretningen. Kamgarn er ofte glatt, blankt og sterkt.

Kardegarn er garn spunne av hårfiber som blir karda til tullar eller flak der fibrane ligg på tvers av lengderetningen. Kardegarn er ofte mjukt og lett, og kan vera lodnare enn kamgarn.

Kasjmir er eit mjukt, lett, kypertvevd stoff av geitehår, opphavleg av kasjmirgeit. Etter kvart blei ordet kasjmir også brukt om ullstoff som var laga for å etterlikna ekte kasjmirstoff.

Kasteklede: Se hatteklede.

Kasteplagg: Se hatteklede.

Kattun er fint bomullslerret med trykt mønster.

Kelim er ein vevnad i gobelin-teknikk (renningsrips) med kraftig renning og tynt innslag. Mykje bruka til belter og band.

Kep eller cape er eit ytterplagg, særleg til dame. Kep er ei kappe med eller utan hette eller krage som gjerne er rynka eller foldelagt mot nakken og dekker skuldrene og overkroppen. Kepet kan vera knelangt eller kortare, men går som regel eit stykke ned på kroppen. Blir også kalla kåpe mange stader.

Kjol er ei sid herretrøye eller frakk. Kjolen kan vera lengre bak enn framme, eller ha same lengde heile vegen. Kjol med kortare framstykke og splitt midt bak blir gjerne kalla snippkjol.

Klede er eit mjukt ullstoff i toskaftbinding som er stampa eller valka (se desse) for å bli tett, mjukt og loddent. Klede er alltid av fin kvalitet og er eit kjøpestoff som alltid er industrielt framstilt, til skilnad frå vadmål (se dette).

Klostersøm er broderi av parallelle sting som dannar geometriske former.

Knipling er ein fletteteknikk der tynne trådar blir fletta saman til eit nettverk av ulike knutar. I sin enklaste form ser knipling ut som skråstilt toskaftvev. Knipla blonder, ofte av metalltråd, er mykje bruka til dekor på folkedrakter.

Knutesting eller franske knutar er ein broderiteknikk som dannar små knutar eller knoppar på rettsida av stoffet.

Kollelue er ein rund luetype sydd av fleire bladforma delar. Kjent over store delar av landet frå eldre til nyare tid.

Krapp er eit fargestoff utvunne av rota til krapprotplanten (Rudia tinctorum). Blir særleg bruka til å farga ull i ulike nyansar av rosa, raudt og brunraudt. Blir også kalla tyrkisk raud.

Krokbragd er ein vevteknikk med innslagsrips over tre eller fire skaft og flotterande mønster. Vevnaden blir tjukk og fast.

Krokerme er eit erme som er fasongsydd slik at det bøyer seg litt framover rundt albuen.

Krotasko er ein lav, open skotype med ingen eller lav hæl, der det er skore ut mønster i overlæret.

Kråke er ei tjukk, vattert hette eller kyse med skulderstykke til dame, ofte med pels- eller flosskant. Namnet kjem av at kråka oftast er svart eller mørk grå.

Kvarde er eit anna ord for krage eller halslinning. Kan også (sjeldnare) brukast om andre linningar, t.d. ermekvarde eller stakkekvarde.

Kvitsaum er eit samleomgrep for broderi med kvit tråd på kvitt stoff.

Kypert er ei diagonal vevbinding der innslaget går over og under eit gitt antal trådar som forskyv seg ein tråd for kvart innslag. Likesida eler symmetrisk kypert går alltid under og over like mange trådar, mens ulikesida eller asymmetrisk kypert går t.d. over to og under ein tråd.

Kåpe: se kep.

L-O

Lad er eit hovudplagg til brud som blir bruka i staden for krone. Ladet er ein hatt eller valk dekt med stoff som blir pynta med sølvsmykker.

Lansering er ein vevteknikk der eit mønsterinnslag følgjer heile breidda av stoffet på vranga og det blir lange trådsprang på vranga mellom mønstermotiv som kjem fram på rettsida.

Lask er ein bit eller lapp av stoff som blir felt inn i ein splitt eller mellom to andre stykke for å gi ekstra vidde og fasong. Blir også kalla spjeld, særleg når lasken står innfelt mellom andre plaggdelar. På skjorter er det vanleg å ha ein lask på skuldera som blir rynka til mot kragen, denne blir gjerne kalla skulderlask eller akslebot.

Lauslomme er ein pose eller ei veske av stoff eller skinn som blir festa utpå stakken eller i beltet med krok eller nål.

Lausmansjett: se fyrierme.

Lauv er meir eller mindre flate dingel på metallsmykke, ofte klipte ut av tynne plater.

Leggsaum (bokmål: Leggsøm) er ein broderiteknikk der ein tråd eller ei snor blir sydd fast til eit stoff med små sting.

Livkjole er ein kjoletype der eit ermelaust liv er sydd fast til ein stakk, til skilnad frå ermekjole (se dette).

Ljugar: se halvskjorte.

Lygar: se halvskjorte.

Lødig: se gehalt.

Løslomme: se lauslomme.

Løsmansjett: se fyrierme.

Løv: se lauv.

Løyesaum er eit dialektord for det dekorative broderiet på folkedraktene frå Setesdal. Mjukt, tynt ullgarn blir kalla løye eller løyegarn, og har gitt namn til broderiet.

Male eller mal er eit oftast rundt, konvekst smykke som blir sydd fast på klede og ofte har ei opning i kanten. Maler kan vera funksjonelle som festepunkt for snøring, eller rein dekor på til dømes trøyer eller lad.

Mamelukker er lange underbukser til dame, oftast av fint, kvitt bomullstoff.

Mellomverk er innfelt blonde eller broderi i eit større tøystykke, til dømes eit forkle.

Mercerisering er ein behandlingsmetode for bomullsgarn som gjer bomullen blank og glatt. Mercerisert bomull tar lettare til seg fargestoff og nuppar mindre enn ubehandla bomull, men har også mindre absorbsjonsevne og kan difor kjennast klamt mot huden.

Mohair er hår frå mohair- eller angorageit, eller garn eller stoff laga av slik fiber.

Musetaggar, musetenner, aggar, eigge og fleire andre dialektord beskriver broderte takkekantar på til dømes skjortelinningar. Musetaggar kan lagast med ulike teknikkar.

Narv er den glatte hårsida av skinn. På semska skinn er narven slipt bort.

Nattrøye var på 1600-talet ei tynn, strikka, langerma trøye av silke eller sjeldnare av ull, som blei bruka som undertrøye av menn i overklassen.

Nordmørsaum (bokmål: nordmørssøm) er ein stilart innan kvitsaum, særleg kjend frå Nordmøre. Det blir sydd med kvit lintråd på linstoff og mange stingtypar er i bruk, til dømes kjedesting, klostersaum og ulike typar hòlsaum.

Nuperelle eller nupperelle er ein teknikk for framstilling av blonder ved at to trådar blir knytta rundt kvarandre i eit gitt system.

Opplut blir mange stader i landet bruka som dialektord for overdelen på ein livkjole (se dette).

Oppstadvev er ein vev der renninga står meir eller mindre loddrett.

Ovaliv eller aoliv er eit dialektord for overdel til damedrakt, særleg på Vestlandet og oftast overdel til livkjole (se dette).

P-R

Plattsaum er ein broderiteknikk der parallelle eller nesten parallelle sting dannar organiske mønster. Samanlikne med klostersaum (se dette).

Plattsøm: se plattsaum.

Plett, plets, plaid eller pledd er eit grovt, kypertvevd ullstoff, gjerne med rutemønster.

Plukkeband er vevde band der mønsteret kjem fram ved plukketeknikk. Se også grindvev.

Poplin er eit tynt, fast stoff med lett ripseffekt. Opphavleg var poplin av rein silke eller silkerenning med innslag av ull eller mohair, men i nyare tid er det oftast av rein bomull.

Possement er eit samleomgrep for band, agramaner, duskar og annan tekstilpynt.

Primærsnitt er ein konstruksjonsmetode for klede der alle plaggdelane er utforma av rette linjer. Primærsnitt er den eldste kjende konstruksjonsmåten for plagg sette saman av fleire delar og den vanlegaste metoden for konstruksjon av bunadskjorter.

Pulllue, pålelue eller pålehua er ein luetype som består av eit ovalt eller avrunda nakkestykke (pull) og eit meir eller mindre rektangulært framstykke som går frå øyre til øyre på lua. Denne luetypen er kjent frå store delar av landet med ulike variasjonar, og har mange ulike dialektnamn.

Pålelue: se pullue.

Rand, rånd eller rond er eit anna ord for stripe, og mange drakter med stripete delar har namnet sitt frå dette ordet, mellom anna råndastakk (blir også skrive rondastakk) frå Gudbrandsdalen.

Rekonstruksjon er i bunadsamanheng å studera og etter beste evne kopiera ein gamal draktskikk til bunadsbruk. Ein kallar ein bunad eller ei folkedrakt for rekonstruert når den nye bunaden ligg så tett opptil den opphavlege draktskikken som det er mogleg å koma. I tillegg til bevarte plagg, er vanlege kjelder for rekonstruksjon foto og anna bildemateriale og skriftlege kjelder som skifteprotokollar, historietekstar og samfunnsskildringar frå samtida.

Renessansen er ein historisk stilperiode som starta i Sør-Europa rundt 1350 og er rekna for å ha kome til Noreg på slutten av 1400-talet. Ein reknar som regel at renessansen blei avslutta rundt 1600, då han blei avløyst av barokken. Tida før renessansen kallar ein mellomalderen (bokmål: middelalderen). Renessansen er gjerne rekna som den tida der folkedraktene i Noreg utvikla seg til lokale variantar, mens mellomalderen og den tidlegare vikingtida sine drakter i det vesentlege var like over det meste av landet.

Renning eller varp er dei trådane i ein vevnad som følgjer lengderetningen i stoffet.

Rips eller ripseffekt er ein vevteknikk der anten berre renning (renningsrips) eller berre innslag (innslagsrips) er synleg i den ferdige vevnaden. Ein oppnår dette til dømes ved å bruka trådar av ulik tjukkleik til renning og innslag, eller ved at det eine trådsettet ligg tettare enn det andre. Grindvev og brikkevev er eksempel på renningsrips, mens gobelin- og kelimvev er eksempel på innslagsrips.

Rogge eller rorge er ei nemning frå Vestlandet på band til å setta opp hår med, den ferdig oppsette frisyren eller dei ulike flette- og surreteknikkane som skapar slik frisyre. Ordet har noko ulik spesifikk tyding i ulike område.

Rokokko er ein historisk stilperiode frå ca. 1700-talet. Draktmote frå rokokko-tida ber gjerne preg av store, vide skjørt og smale midjer, gjerne korsett eller snøreliv.

Romantikken er ein historisk stilperiode og ei politisk rørsle som i Noreg var framtredande på 1800-talet. Mot slutten av dette århundret kom bunadene på moten som del av den nasjonalromantiske norskdomsrørsla.

Rosesølje er ei open sølje, oftast støypt, som er utforma av seks C-forma bogar med ryggen inn mot ein tornring.

Rosesaum (bokmål: rosesøm) er ei nemning på ulike former fleirfarga broderi med blomar eller blomeliknande, organiske former som hovudmotiv.

Rundtrøye eller stuttrøye er ein jakketype til herredrakt som var vanleg i store delar av landet mot slutten av 1800-talet. Jakka er tettsittande, ofte open og relativt kort (til livlinja eller kortare).

Rynkelue er ein type pullue (se dette) der pullstykket er rynka saman i nakken.

S

Saffian er tynt, mjukt skinn med naturleg narv, oftast av geit.

Samantrekksaum (bokmål: sammentrekkssøm) er ei nemning på ulike broderiteknikkar der ein trekker stinga hardt saman for å skapa små hòl i stoffet.

Sars, sarz, sarge eller serge er eit handelsnamn på lett, kypertvevd ullstoff (se kypert).

Sateng er eit atlaskvevd stoff, opphavleg av silke, som er blankt på retta og matt på vranga. I nyare tid kan alle tynne, glansfulle stoff i atlaskbinding kallast sateng uavhengig av material.

Selburose: se åttebladrose.

Semska (bokmål: semsket) skinn er feittgarva og stampa skinn der narven er slipt bort. Ufarga, semska skinn får ein gulaktig farge og er mjukt og vaskbart.

Serk er i bunadsamanheng ei sid skjorte eller ein underkjole med ermer, oftast av lin.

Sjon er eit dialektord for pynt eller dekor, ofte bruka om pynteborder på klede.

Sjonaleist er ein pyntesokk, særleg til kyrkjebruk eller bryllup, med fargerik mønsterbord på ankelen. Sjonaleistar er stort sett kjende frå Hordaland.

Sjonbragd eller broderismett er ein vevteknikk der mønsterelement blir brosjerte for hand på ein botn i toskaftbinding. Mønsterinnslaget går alltid over og under dei same renninsgtrådane, og mønstere får eit stripete uttrykk.

Skaut er eit hovudplagg til kvinne. Skautet er eit tøystykke, oftast trekanta eller bretta til ein trekant, lagd over hovudet og knytta under haka. Nokre plasser i landet er skautet vidareutvikla til meir kompliserte former.

Skilbragd eller skillbragd er ein vevteknikk der ei mønsterrenning lagar flotterande mønster over ein botnvev i toskaftbinding.

Skillingsknapp er ein knapp laga av ein gamal mynt eller for å se ut som ein mynt.

Skinkeerme er eit erme som har stor vidde øvst og blir ettersittande frå albuen og mot handleddet.

Skjortering er ei lita, ringforma sølje eller sprette som blir bruka for å lukka skjortebrystet eller som halsknapp.

Skjæl eller skjæling er ein avstiva, utståande kant nedst på ei trøye.

Skjøt er er eit tøystykke som heng frå livlinja og ned bak på ei jakke eller trøye. Skjøter kan vera klipt i eitt med ryggstykkene eller sydd på som separate delar.

Skoning er i draktsamanheng ein avstiva kant eller fald nedst på ein stakk. I lærarbeid og knivmakeri er skoning eit endebeslag av metall.

Skålelauv (bokmål: skåleløv) er eit dingel på metallsmykke som er forma som ei grunn, rund skål.

Skålesølje er anten ei støypt sølje med skålforma dekor i bakplata, eller ei sølje med skålforma dingel (se skålelauv).

Slangesølje er ein type sølje, oftast i filigranteknikk, utforma av ein stor (ytre) og ein liten (indre) ring som er festa til kvarandre med seks eller åtte buesegment.

Slett er ei nemning på tekstil som ikkje er brodert, til dømes om ein har brodert forkle og slett stakk.

Smøyg, også kalla dragsaum og dreglesaum, er ein broderiteknikk der tråd blir vevd inn i stoffet med ei nål. Trådretningen går oftast på tvers av borden, og mønsteret kjem fram ved at botnstoffet og broderitråden vekselvis er synlege.

Snipesko eller snytesko er lave, opne sko med spiss tå som peikar opp over. I Noreg særleg kjent frå Setesdal.

Snippkjol eller snippkjole: se kjol.

Snøreliv er overdel til kvinnedrakt med snøring med snor eller lenke som lukking eller til dekor.

Spilesaum (bokmål: spilesøm) er ein handsaumteknikk der ytterstoff og fôr blir lagde mot einannan og festa saman samtidig som plaggdelane blir sydde saman. Spilesaumen stivar av plagget og gir fasong på same måte som isydde spiler, derav namnet.

Spjeld: se lask.

Sprang er ein fletteteknikk der parallelle trådar festa i ei ramme blir kryssa over og under kvarandre i eit gitt system. Mønsteret kjem fram samtidig i begge endar av trådane, spegelvendt mot einannan, og møtest på midten av vevnaden.

Sprette er ei lita sølje, oftast utan eller med veldig enkel dekor. Kan også brukast om små spenner på belter, band eller linningar.

Stakk er eit sidt skjørt med stor vidde som er samla til linning eller livstykke med rynker, foldar eller legg.

Stamping er ei etterbehandling av stoff eller skinn som består av mekanisk bearbeiding (banking og knaing), oftast i lunka eller varmt vatn. Stampa ullstoff krympar og blir tett og mjukt. Vadmål er hardt stampa slik at trådane i vevnaden ikkje lenger er synlege.

Staut er tettvevd og sterkt lerret av bomull, mykje bruka til sengeklede, i seinare tid også til skjorter.

Steglatrøye er ei trøye med stor vidde frå livlinja og ned, som kjem fram ved at kilar er sydde inn i saumar eller splittar.

Stikning er ein rettsaum sydd på maskin eller for hand med attersting, oftast som dekor eller til forserking av ein saum.

Stramei er ein grov, open vevnad av bomull eller lin med parvise rennings- og innslagstrådar og stiv appretur. Bruka som underlag til broderi, særleg krossting og annan tellesaum.

Strie er grovt lerret av lin eller hamp, opphavleg vevd av stry (se dette).

Striping er å laga små, tette rynker ved å forma rynkene med ei nål.

Stru: se stry.

Stry eller stru er korte, grove fibrar frå lin eller hamp. Stry blir rekna som eit biprodukt og blir sortert vekk frå dei lange, fine fibrane. Garn spunne av stry er ofte bruka som ryerenning eller til produksjon av strie.

Stuttrøye: se rundtrøye.

Stol: se støl.

Støl eller stol er eit plate- eller kisteforma metallstykke som til dømes blir bruka til pynt på belte.

Stølebelte er eit belte av stoff eller lær med stølar festa på til pynt. Stølebelter er vanlege som brudestas og i rikare område som konebelte.

Svartsaum (bokmål: svartsøm) er ei samlenemning på broderi utført med svart tråd på kvitt stoff.

Sølje eller sylgje er eit metallsmykke, opphavleg med torn over eit rundt senterhòl, men i nyare tid også med påsett nål på baksida. Små søljer blir nokre stader kalla sprette (se dette). Søljeliknande brosjer med hjartefasong blir kalla hjartesølje (se dette). Søljer var opphaveg funksjonelle ved at dei heldt plagg saman eller festa til einannan, men er i nyare tid oftare rein dekor. Ordet kjem frå gamalnorsk sylgja, som betyr spenne.

Saum (bokmål: søm) kan i mange tilfelle bety broderi, særleg i samansette ord.

T-U

Tamburering er ei form for hekling av kjedemasker med spiss nål gjennom eit botnstoff. Resultatet ser ut som broderte kjedesting, men er mykje raskare å utføra.

Tann: se torn.

Tavlebragd er ein vevteknikk med ei botnrenning og ei mønsterrenning der mønsterrenninga lagar flotterande rutemønster på begge sider av botnveven.

Telebinding: se telemarksbinding.

Telemarksbinding eller telebinding er ein form for filering (se dette).

Tellelin eller teljelin er lerretstoff av lin med like mange trådar per centimeter i både renning og innslag. Tellelin er mykje brukt som underlag til broderi og til saum av plagg som skal broderast med tellesaum, til dømes skjorter og forklede.

Tellesaum eller teljesaum (bokmål: tellesøm) er ei samlenemning på ulike broderiteknikkar der kvart sting går over eit visst tal trådar i botnstoffet. Eksempel på tellesaum er hardangersaum, smøyg og krossting.

Tind: se torn.

Tobladlue eller tobladslue er ein luetype av to like, oftast symmetriske, stoffstykke som er sydd saman.

Torn, tind eller tann er ei nål som er montert i kanten av senterhòlet på ei sølje eller eit anna metallsmykke for å kunna festa smykket til klede.

Toskaft er den enklaste vevbingdinga der innslaget går høvesvis over og under ein og ein tråd i renninga.

Toving eller filting er å bearbeida ull eller annan hårfiber mekanisk, oftast i våt tilstand og gjerne tilsett såpe eller svak lut, for å få fiberen til å krympa saman til eit tett, fast stoff.

Trandeimsølje er ein søljetype med heil bakplate påmontert frittliggande filigrandekor.

Treskaft er ei diagonal vevbinding der innslaget går anten over ein og under to renningstrådar eller under ein og over to. Treskaft er ein variant av asymmetrisk eller ulikesida kypert (se dette).

Trøye er ein overdel med ermer til dame eller herre som er open i heile lengda foran. Korte trøyer kan kallast jakke, mens lengre trøyer gjerne blir kalla frakk, kåpe eller kjol. Trøya er eit ytterplagg og blir bruka utpå skjorte og ev. vest.

Turkaklut: se brudgomsduk.

Tevband eller tviband er ein strikketeknikk med to trådar der annakvar maske er strikka med annakvar tråd, og trådane blir snodde rundt einannan på retta eller vranga av stoffet.

Tviband: se tveband.

Tvislir eller tvislire er ei knivslire med plass til to knivar.

Tese: se tæse.

Tæse eller tese er ei nemning på litt ulike skotypar ulike plasser i landet. Som fellestrekk er tæser låge sko utan hæl, ofte av mokkasin- eller tøffelliknande type.

Undertrøye blir bruka om svært ulike plagg på ulike stader, og det einaste fellestrekket er at det er ein overdel som ikkje er eit ytterplagg.

Utsauma eller utsydd (gml.: utsyet) er eit anna ord for brodert.

Uttrekksaum (bokmål: uttrekkssøm) er ei samlenemning for ulike broderiteknikkar der ein eller fleire trådar av renninga, innslaget eller begge delar i botstoffet blir fjerna før brodering.

V-Å

Vadmel eller vadmål er eit hardt stampa stoff av ull, oftast tjukt og mjukt. Vadmel er som regel vevd i kypertbinding og var ofte heimegjort.

Valk er eit underlag til hovudplagg som gir støtte og fasong til plagget. Valken kan vera laga av stiv papp, vattert stoff eller anna materiale.

Valking er ei mekanisk etterbehandling av tekstil, særleg ullstoff, i våt tilstand. Valka stoff krympar og blir mjukt og tett med lodden overflate.

Vattering er å sy eit ytterstoff og eit fôr saman med eit tynt fyll mellom, til dømes flor eller vatt av ull. Stikningane som fester stofflaga saman er ofte sydd i dekorativt mønster.

Velur er i folkedraktsamanheng eit ullstoff med kort luv, anten ved fløyelsvev eller kraftig ruing. I moderne tid blir også elastiske fløyelstoff av andre fiber kalla velur.

Verken er eit toskaftvevd stoff av lin eller bomull i renning og ull i innslag. Nokre stader har ein også sagt verken om toskaftvevd stoff av rein ull som ikkje er stampa eller valka.

Vest er eit mellomlagsplagg til dame eller herre i form av ein overdel med eller utan ermer. Vesten skal berast over skjorta og under trøya. Vest utan ermer blir nokre stader kalla brystduk eller brøstduk, særleg til herre. Vest med ermer kan kallast ermevest. Nokre stader blir livstykke til damedrakter kalla vest (kontroversielt).

Vestmannarenning er ein broderiteknikk som ser ut som to parallelle rader av slkråstilte attersting på retta.

Vevling: se fyrierme.

Vippe eller vippeband (bokmål: vippebånd) er eit langt, smalt bånd, oftast brikkevevd, som blir bruka til oppsetting av langt hår.

Vrins er ein liten, sylinderforma valk til brudelad, kjent frå Setesdal.

Vriuband er ein strikketeknikk der masker blir kryssa over og under einannan slik at det kjem fram strukturmønster som liknar band som slynger seg over stoffet. Blir også kalla flettestrikking.

Øyresko (bokmål: øresko) er ein open, lav sko med ein pynt på tåa av to strimlar eller reimer av lær (øyrer) som kryssar einannan i ei spenne.

Årelin er grovt lerret av ubleikt lin.

Åttebladrose, åttebladspire, åttekantstjerne, selburose og ei rekke andre ord er namn på ei krossforma rose eller stjerne med åtte spissar. Symbolet er kjent over heile Noreg og frå store delar av Europa, men også andre stader i verda. Symbolet er svært gamalt og av ukjent opphav.

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...