Nytt håp for hardangerskautet

4. Mai 2016

Skautafelling er eit raudlista handverk som bokstavleg tala syng på siste verset. Men det er von. Verdas einaste skautafeller har fått læresveinar og er optimist på vegner av handverket med røter attende til renessansen.

Skautafelling står på Norges Husflidslag si liste over truga og utdøyande handverksteknikkar. I dag er det berre ein person som kan kunsten; Ingebjørg Byrkjeland (85) frå Kvam i Hordaland.  

Ein redningsaksjon er på gang. Hardanger folkemuseum, Folgefonn husflidslag og Bu og Ringøy bygdekvinnelag med sine eldsjeler, har teke tak og sett i gang «Prosjekt skautafelling» med mål å bringa kunnskapen og dugleiken vidare. Fem kvinner er no i gang med å setja seg inn i kunsten å fella skaut, som og er Folgefonn husflidslag sitt utvalde raudlistehandverk. 

Initiativtakarane ser for seg å skapa eit miljø for felling, med base på folkemuseet på Utne – og på sikt skapa kulturfaglege arbeidsplassar i regionen. 

Prosjektet med budsjett på 300 000 kroner har fått økonomisk støtte frå gode hjelparar, mellom anna 100 000 frå Sparebankstiftinga Hardanger.

Eldraudt handverk 

- For Folgefonn husflidslag var det ikkje tvil om kva handverk som er «typisk Hardanger» og som står mest i faresona, seier leiar Åslaug Eikrem Utne. 

- Det har vore prekært i fleire år og museet har fått mange førespurnadar om felling, fortel Agnete Sivertsen, styrar for Hardanger folkemuseum og Agatunet. 

Ho er glad det no er ei opning for å prioritera denne tekstile teknikken - og for at det er interesse lokalt for å føra skautafellinga vidare.

- Me har og trong for å felle opp att skaut i samband med skikken med jonsokbrudlaup for born, fortel dei to.

Gerd Rosten Bu, leiar i Bu og Ringøy bygdekvinnelag, som har skipa til kurs i skauting, registrerer med gleda at interessa for å bruka skaut er aukande. 

- Skal du bruka skaut til bunaden, må nokon kunne fella og nokon skauta. Greiast er det om du kan skauta deg sjølv. Men nett no er det fellinga som må reddast. Utan skaut, inga skauting, slår ho fast. 

Meisterfellar

Ingebjørg Byrkjeland har felt skaut i over 50 år – kor mange tusen ho har felt, veit ho ikkje, men ho har aldri fått skaut i retur, «så folk har vel vore nøgde med arbeidet, då». 

Byrkjeland har helde mange kurs, og fleire einskildelevar har banka på døra hennar opp gjennom åra. Av ulike grunnar har det ikkje resultert i at nokon av dei har teke handverket vidare. Ho «la opp» for fem år sidan, men har no teke fram utstyret og slept nye læresveinar inn i heimen, i vona om at handverket kan leva vidare. Ho deler raust av kunnskap og erfaring, og felleprosessen vert dokumentert både med film og foto.

Byrkjeland har klart å fella fire skaut på ein dag, «men då gjorde eg ikkje det same dagen etter!» Nybyrjarar skal vera nøgde om dei klarar eitt. (Me snakkar ikkje åtte-timarsdagar).

Prosessen

Skautafelling krev stor nøyaktighet, tålmod og mengdetrening - og prosessen er omstendeleg: Bretta, dynka, bretta, ha jamt med stivelse på gjennom  fire lag stoff, fella, meir stivelse på når det pakkast inn i klede før det skal i steikjeomnen til turk (i 2–3 timar), så skal det «rivast» medan det enno er varmt, (her gjeld det å rive opp frå rette enden, elles er det å ta fatt på prosessen frå byrjinga) - så leggja i hop - pakka i matpapir før det vert lagt i skautaskrin eller anna oppbevaring til det skal brytast og brukast. 

- Har du tru på dei som no vil læra kunsten å fella?

- Absolutt. Dei er både ivrige og flinke, og eit par ser ut til allereie «å ha det i fingrane», smiler skautefellings-dronninga som sjølv lærte kunsten av naboen Alfhild Steine. 

Ingebjørg har hatt over 100 skaut i «kø» samstundes.

- Den sydde falden gir mønster i skautet. Nokon sydde òg holfald for ekstra prydnad. Er den smal, vert den mest usynleg i fellingane. For å vera synleg, bør den vera breiare, men det gjer fellejobben vanskeleg. Vanleg fald gir meir enn nok pryd, meiner Byrkjeland.

Om skautet er brukt mykje og det vert litt «slapt», kan ein stryka det opp. 

- Då vert det så godt som nyfelt, seier Ingebjørg som lærde teknikken av mor si som kunne skauta og fekk mange «stygge skaut» inn som ho stramma opp. (Me vil ikkje rå til å prøva detta utan rettleiing).

Kunnskap i nye hender

- Det er viktig å få kunnskap over på nye hender. Og felling er grunnlaget, seier museumsstyraren som vonar fleire vil bruka skaut og slik heidra kulturarven. 

Husflidslagsleiaren er samd – også i at skautet er prikken over i-en på hardangerbunaden. 

Prosjektgruppa vil gå breitt ut i starten og invitera til kurs. Det er vanskeleg å spå kor mange som knekk koden og som vil halda fram med handverket, men dei har tru på at tradisjonen vert vidareført no. 

Fall for felling

Christin Åkvåg Duesund frå Lysekloster har eiga systove, Tråbeinten, der ho tilbyr bunadsaum, inkludert full hardanger-bunad. Ho fatta interesse for dei særprega skauta då ho studerte bunadtilvirkarfag og tekstilkultur. 

Ho vart fascinert - og fann tema for  semesteroppgåva på Tekstilkultur ved Vestnorsk kulturakademi: Å felle seg eit skaut ..., og var heldig å få innføring i handverket hjå Ingebjørg Byrkjeland. 

Diverre er ikkje Christin sine hender lenger samarbeidsviljuge til slikt presi-sjonsarbeid, men ho vert med som motivator og rettleiar når fellekurs kjem i gang. Er dei heldige, kjem og meisterfellaren sjølv for å gi råd. 

- Skautafelling krev eldsjeler, slår Duesund fast.  

Praktisk handverk

Du treng korkje mykje utstyr eller stor plass for å fella. Men tolmo samt gode - og ikkje for korte - neglar er viktig. 

Kjevle, sykkelspile, to tynne spiler til, syl eller skarp «slikkepott», risstivelse,  stoff (bomull eller lin) og eit fellebrett - helst i bøk. Det kan vera ei utfordring å få rett stivelse – og å finne rette tekstilvyrkje (ikkje for tynt, ikkje for tjukt).

Det meste av naudsynt reiskap har du i heimen - og handverkarane på museet har laga fellebrett. Framtida for handverket skautafelling står ikkje på utstyret.

Litteratur: 

Gudrun Stuland: «Hardangerbunaden før og no» 
Aagot Noss: «Krone og Skaut» 
Christin Åkvåg Duesund: «Å felle seg eit skaut …» 

Hardangerskautet: 

Hardangerskautet høyrer til rundt Hardangerfjorden, der ein før hadde to slag felte skaut; kvammaskaut (frå Kvam) som sat på  høgare og rundare valk enn sørfjordskautet, og låg lenger fram og tettare inntil hovudet. 

I dag er det sørfjordvarianten (innante-skautet) som har  nemninga hardangerskaut. Det har breiare og lågare valk enn kvammaskautet, og ligg meir langs øra og med lenger tilbaketrekt front – og dei karakteristiske dreglane (bøyningane) på sidene. 

Utgangspunktet for skautet er eit kvadratisk stykke stoff 80-90 x 80-90 cm (83 cm er perfekt, ifylgje meisterfellar Byrkjeland), utan jarekant, som vert bretta i tre, og felt (plissert) med hjelp av stivelse og fellepinnar. Eit finfelt skaut kan ha opp til 300 fellingar.  Om prosessen er suksessfull, vil skautet kvelva seg som breen Folgefonna …

Måleri og fascinasjon:

Mor Utne, (Torbjørg Johannesdotter Utne (1812-1903)), vertinne på historiske Utne hotel, er ei av dei mest kjende skautekånene frå Hardanger. Eilif Peterssen måla henne, originalen heng i Nasjonalgalleriet,  kopi på hotellet på Utne. 

W.M. Williams har skrive om sitt møte med med Mor Utne og hardangerskautet  i boka «Til fots i Norge for hundre år siden», Oslo 1965: «Det var valuta for pengene, og for dagens reise, å se det kunstverk som ble båret på hodet av vertinnen. Det var en mektig oppbygning av hvit batist eller tynnere stoff, lik den jeg har fortalt om før, men meget mer storartet.  Den store buen på toppen sto til værs som en påfuglehale, og i stedet for å bæres oppe ved hjelp av metaltråd eller spanskrør, holdt den sig selv ved hjelp av stivelse og et vidunder av komplisert krusning. Jeg tror det kalles slik, hvis ikke ville jeg prøve en annen betegnelse, og kalle det pipning. Hele denne umåtelige hodestas var skinnende hvit, og i full harmoni med stasjonens renhet».

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...