Bli med på hódy i Moravia

4. Mai 2016

Lengst søraust i Tsjekkia, i området som heiter moravisk Slovakia, har dei ein rik folkedraktskikk, akkurat som i Norge. I dagleglivet går dei kledd som oss, i meir eller mindre moderne klede. Men til høgtid og fest finn dei fram draktene sine, som dei kallar «kroj». Ein gong i året feirar kvar landsby sin eigen fest, med bunader, dans, musikk og seremoniar. Hausten 2015 fekk eg høve til å delta på ei rekkje slike landsbyfestar.

Moravisk Slovakia, Slovácko på tsjekkisk, er eit fruktbart landbruksdistrikt nær grensa til Slovakia. Her dyrkar dei vindruer, og held høgt i hevd både vinproduksjon og brenning av plommebrennevinet Slivovice. Området er administrativt delt inn i fleire regionar, og Zlín, den eine provinsen, har Hedmark fylke som ein utvald samarbeidspartnar. Fylkesadministrasjonane har gått til sine respektive museum, og ser til at dei utvekslar erfaringar og finn gode felles forskingsprosjekt. Og nå var det min tur til å reise på feltarbeid i dette spennande draktområdet. Mine kollegaer ved distriktsmuseet i byen Uherské Hradiště (som tyder den ungarske borgen), hadde laga eit omframt fint program dei to vekene eg var der. Og på ei helg fekk eg sjå heile fire landsbyfestar.

Desse festane liknar ikkje noe vi har i Norge. Dei næraste er kanskje om ein blandar 17. mai, eit folkemusikkstemne og ein ungdomsfest. Festen, som heiter hódy, er nemleg mest for ugifte ungdommar. Dei vel ut folk i ungdomsflokken til å styre programmet, der roller, ritual og gjenstandar følgjer særskilte tradisjonar. Eg liknar det med dei mange embeta som var faste under bryllaup hos norske bønder tidlegare. Der hadde vi benningsmann, kjøgemeistar, brurpiker og føregangsmenn – alle med sine lokalt særprega roller. I Slovácko er det to eller tre leiande karar, kalla starék, og to leiande kvinner, kalla stárka. 

Bunaden er ein heilt integrert del av desse festane, og ettersom folkedraktskikken var levande så lenge her, har mange halvgamle og gamle drakter heime. I tillegg blir det laga nye bunader også, både som reine handverksprodukt, og nokre som er litt meir maskinelt framstilt. Ettersom eg dokumenterte desse festane i lag med museumskollegaer som kjenner tradisjonane inn og ut, fekk eg god informasjon heile vegen. Likevel er det vanskeleg å halde styr på alle roller, og kva rekkefølgje ting skjer i. For både draktene og skikkane er litt ulike frå landsby til landsby. Eit fellestrekk for alle kvinnebunadene er at stakkane er svært stutte. Og i landsbyane omkring Uherské Hradišt er ballongforma og plisserte ermar på kvinnebunadene eit særkjenne.  Ofte er det berre korleis kvinnene knyter hovudtørkleet, eller korleis dei rituelle gjenstandane er dekorerte som skil ein landsby frå ein annan. Men ved hjelp av kollegaene, eit fyldig engelsk resymé i dr Ludmila Tarcalová si bok om landsbyfestar omkring Uherské Hradišt, samt hundrevis av fotografi og filmklypp, trur eg at eg til slutt forsto det grøvste.

Det viktigaste innhaldet i festen, er ein parade. Paraden går gjerne frå ein sentral plass i landsbyen, ofte kulturhuset, og både kulturhuset, plenar, gater og skilt er pynta til fest. Festhelga er eit høve til å invitere heim familie og vener, og ungdommar som studerer eller arbeider andre plassar, kjem gjerne heim og er med på førebuingar og fest. Paraden går så til akkompagnement av hornmusikk og spelemannslag som vekslar på å spele. Fyrste stopp i dei byane vi var, var hos ”yngre stárek”, den nest viktigaste av dei unge karane. Heimen hans var pynta med papirblomar og annan stas utvendig. Ved huset stoppar prosesjonen, og ein av ungdommane bankar på døra eller porten, og kallar stárek ut med eit vers. Stárek kjem så ut, og svarar med eit vers han helst skal ha dikta sjølv – på rim. Så drikk dei kvarandre til, det er song, og foreldra til stárek må ut og danse med ungdommane i gata, mens resten av familien går omkring og serverer kaker og vin, og slivovice, til alle som vil ha. Eg merkte meg at ingen av foreldra var bunadkledde.

Den yngre stárek leier så prosesjonen vidare. Prosesjonen var frå fyrst av berre for unge, ugifte menn. Men frå midten av 1900-talet har jentene også vori med, og eldre og gifte slutter seg til paraden, mest som eit norsk syttandemaitog. Ein nyare skikk er at også ungane er med, alle kledd i bunad. Ungdommane som har eit embete, er gjerne litt ekstra utsmykka, med finare klede enn dei andre, og gjerne ein krans eller kvast av rosmarin. 

Ikkje berre kvinnene sine hovudplagg er særmerkte. Også karane har ein dekorasjon som varierer frå landsby til landsby ved slike høve. Dei kallar han «vonica», og er ein oppståande eller liggande dekorasjon av kunstige blomar som dei har i hatten. I byrjinga av paraden går stárek gjerne utan hatt, og får så den dekorerte hatten sin frå stárka. I tillegg har karane i ein av landsbyane vi var i, broderte forkle. Forkle var del av karane sitt arbeidstøy om sommaren, men da var dei utan dekor. Til fest er dei brodert i sterke fargar.

Dette er eit høve til å kle seg i bunad, og det oppmuntrar museet sterkt, fortel min kollega Marta Kondrová. Ungdommane som er med, møtast i forkant, kanskje nokre veker før. Dei øver på songane, dansane og tekstane dei skal framføre – og får informasjon om draktene. Dei som er med  og organiserer festen, under støtte av ulike lag og foreiningar, er stort sett historisk korrekt kledd, i følgje Marta. Dei andre som sluttar seg til festen, syter for å kle seg sjølve, og uttrykket deira varierer difor meir. Marta la ikkje skjul på at ho ikkje likar miniskjørta som er i ferd med å komma fram både i og utanfor dei organiserte gruppene, så ei viss endring i bunadene skjer der også. Men det ville vera umuleg å vera del av det organiserte opplegget utan hovudplagg, fortalde ho. Karskjorter, derimot, såg eg nokre lettvintløysingar for. Og ungane har berre sjeldan historisk fottøy, og passform og naturmateriale er ikkje like viktig der som i norsk bunaddebatt.

Neste stopp i paraden er hos «eldre stárek», der ritualet gjentar seg. Så går ferda til «yngre stárka», som blir kalla ut for å vera med på festen, nett på same viset som dei mannlege leiarane. Men så skjer eit viktig skilje. Her blir nemleg den viktigaste gjenstanden henta fram, «hody s právem». Det er eit dekorert sverd som syner at ungdommane har rett til å halde fest. Ofte kan eit skriftleg løyve frå borgarmeistaren vera festa til dekorasjonen. Det er vanskeleg å omsetta eit slikt ord til norsk, men funksjonen kan liknast med ein kommandostav eller eit septer. Det skal vera to slike septer i kvar landsbyfest. I Vážany, den eine byen vi var i, var septeret forma som eit tre eller triangel med banddekor. Der var det heller ikkje noe skilje mellom dei to kommandostavane. I ein annan by, Kostelany var det kunstige blomar og band omkring kommandostaven, og der fekk eg sjå både lite og stort septer, som skilde seg frå kvarandre. Det mindre septeret hadde grunnforma av eit sverd, dekorert med blomar og band. Det andre hadde bogeforma dekorasjonar frå toppen av sverdet ned til handtaket, dekorert med kunstig bladverk, blomar, perler og glitter. Begge hadde eit eple i toppen, som eit ønskje om eit grøderikt år.

Embetsfolka dansar mens dei held i festløyvet, og dei vaktar på dei heile helga. Den som har hand om festløyvet og kommandostaven, er også gjeldande styrar for arrangementet. Frå gammalt kunne det hende at gutar frå nabolandsbyar kom og freista stikke av med denne viktige gjenstanden, og greidde dei det så var det stor skam. Tidlegare hadde dei unge karane oppgåver som stárek heile året, til dei leverte ansvaret vidare. Nå gjeld dette berre for helga landsbyfesten går føre seg.

I løpet av festhelga har dei gjerne to dansefestar. Den fyrste, kvelden før paraden, er med moderne musikk og utan bunad. Den andre, om kvelden paradedagen, er det spelemannslag og hornmusikk – og alle har framleis bunaden på. I noen landsbyar kjøper kulturhuset inn draktdelar og særskilte hovudplagg som berre blir brukt til paraden – i andre landsbyar går ungdommane i eigne bunader. Kor gamle desse festane er, veit eg ikkje, men dei er i alle fall skriftfeste til 1700-talet. Og det ser absolutt ut som dei er like livskraftige som syttandemaitoget vårt.

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...