Flintoe og folkedraktene

1. Mai 2019

Johannes Flintoe

Sommaren 1819 var kunstmålaren Johannes Flintoe på den fyrste reisa si over fjellet frå hovudstaden til Vestlandet. Dette vart innleiinga til perioden vi kallar nasjonalromantikken i norsk kunst. Mellom fjell og fjord måla Flintoe også folk, og folkedraktbileta hans har vori særleg viktige kjelder i draktforskning og bunadrekonstruksjon.

I dei kommande åra reiste Flintoe mange somrar omkring i Sør-Noreg og teikna folkedraktkledde bønder. Til saman er 23 slike bilete kjende, og alle er handsama i Aagot Noss si bok Johannes Flintoes draktakvarellar frå 1970. Akvarellane som er kombinasjonar av teikningar fargelagt med akvarellmåling, kommer i tillegg att i dei større måleria Flintoe laga, samt hjå fleire andre kunstnarar som har kopiert og brukt dei. Dei 23 bileta dekker Valdres, Gudbrandsdalen, Hallingdal, Telemark, Aust-Agder, Hardanger, Sogn, Sør-Trøndelag og Finnmark. I denne artikkelen vil eg ta føre meg bileta som kan skrive seg frå den fyrste reisa i 1819. Da gjekk ferda opp Hallingdal over fjellet til Aurland i Sogn, der Flintoe farta omkring heile sommaren, før han reiste tilbake til Kristiania over Lærdal og Valdres.

Den beste kjelda til korleis Flintoe reiste for 200 år sidan, er bileta hans, men ikkje draktbileta. Mellom dei er det berre få som er daterte. Men så var det da heller ikkje folkedrakter som var hovudmålet med reisa. Det var å sjå dei ville, norske fjella, og så bringe dei til byborgarskapet gjennom måleri.

Dei var tre unge karar som la i veg frå hovudstaden tidleg på sommaren. Flintoe, som var oppvaksen i Danmark, hadde kommi til Noreg i 1811 og freista leva av kunstnarskapen. Der vart han kjend med løytnant, seinare kaptein, Gerhard Munthe frå Luster i Sogn. Ein tredje kar var med på reisa, og truleg var det han som avgjorde kva dalføre dei tok. Det var Peder Pavels Aabel, fetteren til Munthe. Aabel var son til soknepresten i Aurland, og han skulle heim på sommarferie. Difor fart det Hallingdal på utferda og Valdres på heimferda.

Kunstnarane

Flintoe har leika gjømsel med oss med teikningane sine, for det verkar som han har skori frå kvarandre skissebøkene frå reisa i 1819 og 1822 for å få breiast muleg førelegg for seinare utstillingar og plansjeverk. Difor kan vi ikkje veta for visst om bileta frå Valdres og Hallingdal er frå fyrste eller andre gongen kunstnaren reiste i traktene.

Det hadde vori flaum om våren i 1819, og i Kristiania var ein uviss på kva vegar som var farbare. Den finlandsksvenske adjutanten hjå statthaldar Sandell, Wilhelm Maximilian Carpelan, reiste difor også over fjellet denne sommaren, fyrst for å sjekke kvaliteten på vegane, dinest i følgje med statthaldaren. Han teikna også, men var mindre oppteken av folk og klede enn Flintoe. Vegane var farbare, men berre så vidt. Flaumen finn vi att på ei av Flintoe sine teikningar frå Hallingdal (NG.K&H.B.06344).

Majorsonen frå Luster og prestesonen frå Aurland hadde kjenningar mest i kvar prestegard, så eg vil tru det var der dei ofte tok inn. Men kanskje var dei også innom alminnelege skyss-skifte, for nokre bilete frå Flå i Hallingdal kan tyde på det. Det er uvisst om dette var på reisa i 1819 eller 1822.

Flå og Nes

Flintoe har ein draktakvarell med tre kvinner og ein kar frå Nes og Flå (NG.K&H.1984.0041). Det fyrste eg tykkjer vi må merke oss, er at draktakvarellane er bilete som også er arbeidd vidare med etter at Flintoe gjorde skisser ute i terrenget og inne i stovene hjå folk. På einskilde skisser ser vi korleis han skriv fargar på klede så vel som fjell og himmel på teikningane, slik at han kan fargelegge dei seinare. På denne akvarellen er draktfigurane fargelagde, mens landskapet bak berre ser skissa opp med strekteikning. Det er difor slett ikkje sikkert at Flintoe møtte desse fire menneska på ein gong.

Draktene er truverdige nok, og dei har Aagot Noss diskutert grundig i bøkene sine. Eg freistar difor heller å undersøke vidare Noss’ sitt perspektiv på kunstnarlån i dette biletet. Eg meiner Flintoe har lånt av seg sjølv fleire gongar. 

I bakgrunnen på biletet ser vi to kvinner som skjærer korn. Begge gongane Flintoe var i Hallingdal, var han der tidleg på sommaren, så det var ikkje tid for kornskurd. Dei kornskjerande kvinnene finn eg dessutan att på ei eiga skisse Flintoe ikkje har heimfesta (NG.K&H.1984.0073).

Så kjem figurane att hjå Frich seinare, men dei går eg forbi. Eg har festa meg meir med ei kvinne i same positur som er attgjeven fleire gongar og etter tradisjonen skal vera teikna av Tidemand. Biletet var i privat eige da Aagot Noss skreiv boka om Tidemand. Noss drøftar dette biletet (s. 188–190) og gjev att tradisjonen om at det skal vera Anne Gulsvik (1787–1866) som er modellen. Noss meiner streken liknar meir på Frich enn Tidemand, og tolkar det slik at Frich gjorde biletet på reisa i lag med Tidemand i 1848. Tidemand måla same året same kvinna, som viser ei langt eldre kvinne, så eg trur ikkje biletet er av Frich og laga så seint. I staden trur eg biletet er laga av Flintoe, anten i 1819 eller 1822.

Ny Flintoe-akvarell?

Tre forhold bygger oppunder dette. Det eine er bakgrunnen i biletet. Den er nær identisk med ei skisse Flintoe teikna frå Gulsvik i 1822 (NG.K&H.1994.0582). Det andre er at drakt og positur er svært lik den ovanfor nemnte draktakvarellen frå Nes og Flå, sjølv om einskilde detaljar skil dei frå kvarandre. Desse detaljane talar meir for at det er Flintoe som har arbeidd vidare med eiga teikning enn at det er Frich som har kopiert Flintoe, meiner eg. Når eg samanliknar Frich sine kopiar av Flintoe, så meiner eg å sjå at han la seg så nær opptil alle draktdetaljar hos Flintoe som han greidde. Eg trur ikkje han ville ha lagt til eit liv under trøya, teki bort Agnus dei, endra tørkleet frå å henge i linninga til å ha andre fargar og mønster og bli halden i handa åt kvinna – eller bytta ut det rutete pannetørkleet med eit skygangatørkle. 

Det tredje forholdet er sjølve den kunst-narlege streken. Eg er samd med Aagot Noss i at streken skil seg frå dei andre draktakvarellane til Flintoe, men streken skil seg også frå Frich sine bilete. I staden liknar han på dei akvarellane Flintoe vidareutvikla som transparentar. Der er det fleire døme på at andlet blir meir detaljerte og at auga er teikna større enn på skisser og draktakvarellar. Eg meiner altså vi kan legge eit bilete til rekka av Flintoe sine draktbilete frå Hallingdal.

Øvre Hallingdal

Dei tre karane på veg over fjellet i 1819 reiste vidare oppover Hallingdal, og dei tok ved Jonsok-leite inn i prestegarden i Ål. Der budde familien Leigh, med presten Morten Andreas og tredje kona hans, Anna Margrete Grøntvedt. Mellom barna frå dei tre ekteskapa var Margrete f. 1800 på Kvikne i Østerdalen. Morten Leigh hadde studert i lag med far til Peder Pavels Aabel i København, og difor var det ikkje så rart at dei stoppa i Ål prestegard på vegen til Aurland.

Det var eit sorgens hus som møtte dei tre ungkarane. Morten Leigh låg sjuk på sjette månaden og døydde i august same året. Men to av ungane var heime, og det vart eit skjebnesvangert møte for Peder Pavels Aabel. Innan dei reiste derifrå var den 23 år gamle Peder og den 19 år gamle jomfru «Grethe» forlova. 

Flintoe måla ein akvarell frå prestegarden som han skreiv at var «optaget ved St. Hansdagtider» (Oppdagelsen av fjellet s. 13). Difor veit vi kva tid dei var der. Det er også ein draktakvarell frå Ål prestegjeld med to gifte og ei ugift kvinne samt ein kar. Biletet vart litografert og utgjeven i 1823, men det er uvisst om skissene vart gjort året før eller i 1819. Aagot Noss har drøfta draktbiletet, og det har seinare vori ei viktig kjelde for dei som har arbeidd med rekonstruksjon av bunader frå Øvre Hallingdal, med utgangspunkt i draktskikken i fyrste helvta av 1800-talet. 

Sogn

Mot slutten av juni vandra karane over fjellet til Aurland, der Pavels Aabel vart att hjå foreldra sine, mens Flintoe og Munthe reiste vidare fjordveges inn til Ytre Kroken i Luster, til Munthes foreldre. Heile juli farta Flintoe omkring i Sogn, og det er herifrå den einaste daterte draktakvarellen skriv seg (NG.K_H.1984.0053). Den har han titulert «Dragt i Indre Sogn» under ei kvinne og ein kar til venstre i biletet og «Ytre Sogn» under ein kar til høgre. Desse to tekstane er skrivne med blekk, mens årstalet 1819 er skriven med blyant midt under. Akvarellen vart trykt i bladet Hermoder i 1822, og vekte harme hos Gerard Munthes familie. Bønder frå indre Sogn såg da ikkje slik ut, meinte dei.

Draktfigurane i framkant er fargelagde, mens landskapet bak berre er markert med strekteikning. Eg har ikkje funni andre skisser som fortel kvar i Sogn bakgrunnen er teikna, men eg meiner det er grunn til å tru at dei tre figurane og bakgrunnen er sett i hop i ettertid – og at Flintoe ikkje naudsynsvis såg indresogningar og ein ytresogning møte kvarandre på ein bestemt plass.

Draktene til karane er både kjende og litt ukjende. Steglatrøya, knebroka og kolleluva er velkjende element hjå begge modellane, men vestane deira har eldre snitt enn dei som er best kjent frå fyrste delen av 1800-talet i Sogn. Desse karane har sidare vestar, og begge ser ut til å ha to utanpå kvarandre. Kragane på vestane føl steglatrøyekragen, og alle er låge i jamføring med mange andre draktbilete og bevarte plagg. Berre einskilde plagg, statuane i Nordmannsdalen og nokre andre kjelder samsvarar med Flintoe sitt bilete. (Sjå Hovland s. 170–186.) Det er altså eit eldre lag i draktskikken vi møter her, enn den som er best dokumentert. 

Gerhard Munthes morbror meinte side vestar kune passere for ytre Sogn, men ikkje for indre, og skreiv til nevøen: «Naar ser man nogen indre Sogning med lang rød Vest, der naar ham til Beltet?» 

Det same kan vera tilfelle med kvinnefiguren. Ho har både sidare liv og lægre krage enn det andre kjelder frå 1800-talet syner. Men ho har også ei open trøye under livet, og denne trøyetypen er rett og slett ikkje kjend frå andre kjelder. Eg meiner det kan vera to grunnar for dette. Den eine er at det kan vera ein eldre trøyetype som ikkje er teken vare på. Den andre, og kanskje vel så truverdige, er at Flintoe ikkje var ein fullrøynd draktteiknar enno i 1819. På bileta han teikna i 1822 er det fullstendig samsvar mellom bileta hans og plagg og andre kjelder. Om eg jamfører med transparenten han måla av ei ugift kvinne frå Sogn (NF.00605G), ser det ut som han har lånt litt frå akvarellen frå 1819 og litt frå akvarellen frå Fortunsdalen som truleg er laga i 1822 (NG.K&H.1984.0051). På transparenten har jenta fått knept att trøya si, noko som kanskje styrker teorien om at Flintoe ikkje var heilt kjent med alle detaljar i draktskikken i 1819.

Valdres

I august 1819 reiste Flintoe og Munthe attende til Christiania. Da la dei vegen over Filefjell. Frå Valdres er det kjent ei rekke draktakvarellar, men ettersom ingen av dei er daterte, er det uvisst om 1819 eller 1822 er rette året. Flintoe teikna mellom anna eit brurepar. Magny Karlberg har i boka si om draktskikken i Valdres teki føre seg kyrkjebøkene for Vang for å sjå om ho fann noko bryllaup som kunne passe med tida da Flintoe var i Vang. I 1822 var det eitt som nesten passar, men truleg hadde ikkje Flintoe kommi over fjellet frå Sogn enno da Sigrid Andrisdotter og Ola Persson frå Lykkja i Beito gifte seg i Høriskjyrkja den 8. september (Karlberg s. 141). Spørsmålet om tidfesting blir difor framleis ståande ope.

Som kjelde til draktsikken er likevel akvarellane framifrå, og dei syner omframt god likskap med andre kjelder. Særleg gjeld dette kvinnekleda. For karen, brurgommen, er det somme detaljar som skil seg frå dei fleste andre kjeldene. Han har steglatrøye som syner mykje likskap med både Hallingdal og Sogn, men ho er etter måten sid, særleg på akvarellen der brudeparet står i lag med fleire figurar (NG.K&H.1984.0037). Vesten er også sid, men vestar med ulik sidd er godt dokumentert i Valdres. Han er dobbeltspent med to ståande lommeklaffar, og både vest og trøye har høg krage. Framme er vesten open og teikna utan knappar nokså langt ned, og jamvel dei to-tre øvste knappane er uknepte. Kanskje var det så mange detaljar å feste seg ved på kvinnedraktene at Flintoe tok litt lettare på karen?

Bruken av draktbileta

Etter at Munthe og Flintoe kom attende til Christiania i august 1819, arbeidde Flintoe vidare med ein del av skissene sine frå reisa. Året etter var det ei stor utstilling i byen, og der deltok han med 22 bilete, men ingen av dei var draktbilete. Likevel skulle draktbileta bli viktige, både som illustrasjonar i tidsskrift og plansjeverk, og som modellar han brukte i dei større folkelivsbileta sine.

Og i sommar markerast 200-årsjubileet for den fyrste målarferda over fjellet, med stor festivitas i Luster i Sogn. I Munthe-huset, heimen til Gerhard Munthe i Ytre Kroken, der Flintoe kom som gjest mange gongar, blir det utstilling. Galleri Bygdøy Allé og Pål Sagen kjem med sine originalar og syner dei for publikum frå Jonsok og eit par veker framover. 

I Prestegarden i Luster blir det også utstilling, men der er det dagens kunstnarar som får sleppe til. Marianne Heske har i meir enn 40 år vori oppteken av fjella i Luster, og nokre av videoprinta hennar blir å sjå i sommar. Ho stiller ut jamsides med Tiril Schrøder, professor ved Kunsthøgskulen i Oslo, som har leika seg med Flintoe sine draktakvarellar. Schrøder har sett dei inn i ein dagsaktuell samanheng og syner korleis Flintoe kan hjelpe oss å få syn for dagens estetiske val.

I Gamlestova i Dalsdalen blir det bunadutstilling som vanleg, men med litt ekstra merksemd kring Flintoe sine draktakvarellar og kor viktige dei har vori som kjelde for bunadrekonstruksjon.

Kjelder og litteratur

  • Flintoe sine bilete i Nasjonalmuseet, Norsk Folkemuseum og Heibergske Samlingar, Sogn Folkemuseum.
  • «Gamle Breve 1815-188 samlede af Hartvig Munthe» i Nasjonalbiblioteket.
  • Hovland, Bjørg (2014): «Folkedrakter og bunader frå Sogn. Ei reise i tid og landskap».
  • Karlberg, Magny (2015): «Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise».
  • Messel, Nils (2008): «Oppdagelsen av fjellet».
  • Munthe, C.M.: «Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh. Et stykke slegts-historie».
  • Noss, Aagot (1970): Johannes Flintoes draktakvarellar.
  • - (1973): «Joachim Frichs draktakvarellar».
  • - (1981): «Adolph Tidemand og folk han møtte».

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...