Kva er ein bunad?

1. Desember 2019

Bunad fra Flesberg

Bunad, folkedrakt, festdrakt, rekonstruert, komponert — kva tyder eigentleg alt dette? Kva er ein bunad, og kva er ein «ekte» bunad?

Først litt bunadhistorie

Ordet bunad er gamalt, og har samanheng med bu i tydinga heim. Ordet kjem frå bunaðr på norrønt, som tydde «utstyr til heimen», og etter kvart fekk det den overførte tydinga «utsjånad» eller «ytre kjenneteikn» i moderne norsk. Mot slutten av 1800-talet starta ein å snakka om kledebunad når ein meinte det me nå kallar draktskikk, og ut frå denne bruken blei ordet bunad til det det er nå: namnet på ein gitt type antrekk. Vanlegvis gir me Hulda Garborg æra for å ha introdusert dette omgrepet, og det blei raskt populært.

Dei første bunadene var nokså tilfeldig samansette antrekk av gamle klede frå folkedrakttida, og ein brydde seg ikkje særleg mykje om kva som passa til kva etter tradisjonen. Det var viktigare at alt var norsk og at det var pent etter samtida sine auge, og framfor alt måtte det vera nasjonalt. Nasjonalromantikken var altomgripande, og jo eldre og norskare noko var, jo meir nasjonalt var det rekna for å vera. 

På denne tida blei hardingfele, folkedrakt, folkedans og dialektbruk opphøgd til noko ekstra flott som det var verd å ta vare på. 

Hulda Garborg bruka sjølv ei raudtrøye frå Aust-Telemark som ytterplagg til stakken ho hadde frå Hallingdal. I vår tid er dette ganske absurd, men under nasjonalromantikken var det heilt prima nasjonalt, og ho burde kanskje i tillegg hatt hardangerskaut for å toppa kransekaka. Garborg reiste mykje i Noreg og lagde mange «nasjonaldrakter» eller bunader ulike stader i landet, meir eller mindre inspirerte av gamle folkedrakter eller annan folkekunst. I starten var desse bunadene laga for å vera danseantrekk, for folkedansen var på frammarsj. Mange av dei er framleis i bruk som lokale bunader.

Etter kvart som interessa for bunadene breidde om seg, kom det også til nye krefter med andre syn. Klara Semb tok til orde for å bevara folkedraktskikkar slik dei var, eller så nær ein klarte å koma. Ho skapte heile antrekk der alle plagga var frå om lag same tid og stad, og der noko mangla, skapte dei nye plagg i stil med dei gamle. Desse bunadene var nærare det me i dag tenker på som rekonstruksjonar, men likevel ikkje så nøyaktig kopierte som det me gjer i dag. Men Klara Semb sitt arbeid var definitivt ein stor og viktig del av grunnlaget for den moderne bunadinteressa.

Nokre av bunadene etter Klara Semb sin filosofi kunne godt bli endra ein del for å vera meir attraktive etter samtida sine estetiske normar. I Aust-Telemark gjorde til dømes Anne Bamle nokre grep for å gi raudtrøyekleda ein ny vår: Broderte sokkar sydde av vadmål blei erstatta av einsfarga, strikka strømper, og broderiet blei flytta til stakkekanten og livstykket. Livlinja kraup også nedover frå rett under (eller over) bysten til kroppen sitt naturlege liv, og trøya fekk eit litt meir moderne snitt enn originalen. Alt dette gjorde at mange fleire følte seg vel i bunaden, og Bamle-varianten av damebunaden frå Aust-Telemark er framleis svært populær.

Nasjonalt var aldri galt

Hulda Garborg i blandingsbunad frå Hallingdal (stakk), Telemark (trøye) og mogelegvis Trøndelag eller Romsdal (sølje). Skautet og skjorta er av ukjent opphav. Foto: Asker Museum/Akershusbasen/MiA.

Men kor går grensa i dag for kva som er bunad?

Lat oss definera nokre ord og nemningar:

Folkedrakt er summen av alle klede, til kvardags og fest, som er vanlege i eit gitt geografisk område som er meir eller mindre tydeleg avgrensa, og som ikkje er industrielt produserte moteklede. I Norge brukar me ikkje lenger folkedrakt, bortsett frå som bunad. Unntaket er den samiske tradisjonen, der nokre framleis brukar folkedrakt til kvardags, kanskje helst i den eldste generasjonen. Men mange plasser i utlandet er folkedraktene framleis den vanlegaste klesskikken.

I dagens Noreg er det altså få som brukar folkedrakt slik me definerer det over. Men me har sterk tradisjon for å rekonstruera folkeleg draktskikk, gjerne då festantrekk frå folkedraktene som har vore i bruk, og å bruka desse rekonstruksjonane som bunad. Det me refererer til som folkedrakter i Noreg i dag, er desse rekonstruerte folkedraktene og nokre svært få bunader der folkedraktplagg ikkje er rekonstruerte, men der festkleda frå folkedraktperioden gjekk direkte over til bunadbruk utan å ha vore lagt bort i mellomtida.

I den andre enden av skalaen finn me ordet festdrakt, som er ei kva som helst drakt laga for å passa til festlege høve. I Noreg i dag 

brukar me helst dette ordet som nemning på drakter med eit design som er inspirert av eller tar opp i seg element frå anten folkedrakter eller andre bunader, men ein god del festdrakter er også reine motedesign.

Og då står me att med det vanskelegaste: Kva tyder ordet bunad nå? Viss me spør Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF), oppgir dei fem kategoriar:

1. Bunader som representerer siste ledd i folkedraktutviklinga i sitt område.

Det er nokre få stader i landet der folkedraktene aldri var heilt ute av bruk før industriell mote kom på banen for alvor, nokre stader gjekk dei eldste i folkedrakt til langt inn på 1900-talet. Då bunadsbølgja slo over landet, tok folk i desse områda tradisjonelle festplagg i bruk som bunad. Etter kvart som gamle plagg var utslitne, laga ein nye i tråd med den bevarte tradisjonen.

2. Bunader som er utarbeidde etter ei folkedraktskikk som var gått ut av bruk, men som ikkje var gløymd.

Gamle plagg blei henta fram frå kjellar og kiste, og dei som hugsa korleis folkedraktene var bruka, kunne fortsetta å bruka dei gamle plagga slik dei var bruka før.

3. Bunader som er systematiske rekonstruksjonar av gamal foledraktskikk.

Her var folkedraktene gløymde i den forstand at det må forsking til for å finna ut av kva for plagg som var vanlege  i bruk, korleis dei var bruka og kva som passa i lag med kva. Ved å studera gamle plagg, skriftlege kjelder, bildemateriale osb. kan forskarane finna fram til antrekk som representerer den gløymde folkedraktskikken, sjølv om ingen i live i dag hugsar at slike klede var i bruk.

4. Bunader om er komponerte på grunnlag av eit tilfeldig eller mangelfullt folkedraktmateriale.

Det kan til dømes vera at det ikkje finst bevarte plagg å studera, eller at det er så få og så ulike plagg at ein ikkje kan vita kva som var mest vanleg. Eller det kan henda at ein har oversikt over korleis nokre plagg såg ut, men få eller ingen tilleggskjelder som kan fortelja om kva som blei bruka på kva for måte, slik at det er tvil om korleis folkedraktene faktisk såg ut. Der ein ikkje har hatt eit komplett antrekk å kopiera, har ein utforma manglande plagg i stil med resten.

5. Drakter som er meir eller mindre fritt utforma med inspirasjon frå folkedrakter eller annan folkekunst, til dømes rosemaling, treskjæringar eller sølvsmedarbeid.

Kanskje er til dømes eit fint, gamalt broderi blitt bruka som utgangspunkt for ein heil bunad, mens snittet er henta frå eit anna område eller designa med inspirasjon frå gamle klede eller andre bunader.

Når det gjeld kategori ein og to over, så er det lite sannsynleg at det kjem til nye bunader av desse typene. Rett og slett av di det ikkje lenger finst område i Noreg, igjen med unntak av det samiske, der folkedrakter er i bruk eller har vore i bruk for så kort tid sidan at dei kan tas opp igjen som bunad. Dette arbeidet er allereie gjort der det er mogleg. Og av same grunn seier me ikkje bunad om dei ulike folkedraktene til samiske grupper, for der er det snakk om ein framleis levande folkedrakttradisjon i stadig utvikling.

Kategori tre er det me refererer til som rekonstruert folkedrakt eller rekonstruert bunad, og desse kjem det stadig nye variantar av. Mange stader i landet pågår det større og mindre rekonstruksjonsprosjekt, og mange stader der det allereie finst ei rekonstruert folkedrakt, kjem det til nye plagg og tilbehør etter kvart som kjeldene avdekker element ein ikkje fann ved første forsøk. Mange slike bunader får større og større variasjonsrikdom etter kvart som arbeidet skrid fram, til dømes ved at ein får kopiert mange ulike stoff eller finn trøyer i ulike farger og snitt.

Kategori fire og fem er der mange av dei vanlegaste bunadene hamnar. Frå sør til nord og aust til vest blei det frå Garborg si tid og heilt fram til i dag meir og meir viktig at kvar ein krik og krok i landet skulle ha sin eigen bunad. Nokre bunader dekker større geografiske område enn andre, og nokre plasser er det utarbeidd meir enn ein bunad til ei lita bygd. Felles for alle draktene i desse kategoriane er at koplinga til folkedraktskikken er svakare enn dei tidlegare gruppene. I kategori fire finn me drakter som er utarbeidd etter nokre få plagg eller plaggdelar, og i kategori fem kan det til dømes vera berre dekoren på bunaden som har kopling til lokal folkekunst, mens snitt og materialval er gjort etter inspirasjon frå andre bunader, historiske moteklede eller kanskje heilt originale design.

Kategori fem har såpass lite med folke-draktene å gjera at dei fleste nok vil se på dei som festdrakter slik me har definert det i denne artikkelen, i alle fall dei som er utforma i nyare tid. Men veldig mange drakter i denne kategorien er utforma for så lenge sidan at dei allereie har tradisjon i mange år som bunad for eit spesifikt område, til dømes Lundebydrakta og Svalbardbunaden.

Så me må nok kunna kalla alle desse ulike drakttypene for bunad, og seia oss samde med NBF når dei seier at ein ikkje bør laga nye drakter etter prinsippa i kategori fem og kalla dei bunad — då kan me kalla dei festdrakter. Og festdrakter kjem det stadig fleire av, frå små og store produsentar. Nokre av dei blir veldig populære, andre blir det berre laga nokre få av før dei går ut av produksjon.

Så er det også eingong slik at ingen eig ordet bunad, og ingen kan bestemma kva du synst det betyr. Det finst ikkje noko offentleg organ eller ordning som godkjenner bunader eller bestemmer når ei drakt kan kallast bunad. Norsk institutt for bunad og folkedrakt er (mellom anna) rådgjevande organ ved rekonstruksjonsprosjekt, og har svært grundig kunnskap om folkedrakter og bevarte folkedraktplagg over heile landet. Men det er frivillig å ta imot råd frå dei, og sjølv om alle bunader hamnar i ein av NBF sine fem kategoriar når dei og andre fagfolk sorterer kva dei snakkar om, så er ingen bunader eller drakter på noko vis godkjente av nokon.

Ordet bunad blir altså framleis bruka om mange ulike typer festantrekk, og det er ikkje nokon enkel fasit på når eit antrekk er bunad eller ikkje. Men me kan bruka andre ord, som folkedrakt, rekonstruksjon, folkedraktinspirert design og festdrakt når me ønskjer å vera meir nyanserte og ha eit klarare språk.

Sluttnoter

1. og 2. Bokmålsordboka/Nynorskordboka, henta frå https://ordbok.uib.no 17.09.2019

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...