Det er få andre land i verda som har ein så brei tradisjon for bruk av nasjonaldrakter som Noreg har. Om lag 70 prosent av alle norske kvinner har bunad, og omtrent 20 prosent av alle menn har bunad. Vi bruker bunaden uavhengig av alder, kjønn, bustad og sosial status. I tillegg til 17. mai bruker vi bunaden i feiringar i familien: dåp, konfirmasjon, bryllaup og jubileum.
Bunadbruken er derfor tett knytt til den kulturelle identiteten vår og står sentralt i kulturarven. Denne tilknytinga er særleg sterk fordi mange bunader går i arv, eller er sydde av nokon i familien. Den levande bunadstradisjonen i Noreg er sterk. Men han er også truga ved at handverkskunnskapen gradvis vert mindre og ved at ein stor del av bunadane no blir sauma til lågkost i utlandet.
Vi ønskjer derfor å setje eit nasjonalt og internasjonalt søkjelys på bunadstradisjonen. Om bunadbruken i Noreg vert innskriven på UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv, viser det internasjonale samfunnet med det, at den levande bunadtradisjonen er verdifull og verd å vidareføre.
Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon ønskjer saman å nominere norsk bunadbruk til UNESCO for å auke kunnskapen blant folk flest om verdien av tradisjonelt handverk. Vi vil vera med på å auka kunnskapen om vår felles bunadbruk, og setje søkjelys på kva som trengst for at kulturarven kan førast vidare til nye generasjonar. Vi skal bevisstgjere både myndigheitene, handverkarar og folk flest om kva for verdifull kulturell praksis bunadene representerer. Ei innskriving av bunadbruk i Noreg på denne lista vil kunne sikre merksemd kring bunaden som verdifull immateriell kulturarv. Vi arbeider for å levere ein nominasjonssøknad i 2021.
Arbeidet vart i 2018 støtta med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB. Desse midlane går til utarbeiding av kursmateriale, kurs og formidling av bunadhandverket til barn og unge over heile landet. I tillegg til dette arbeidet kjem samarbeidspartane til å invi-tere til ei rekkje regionale møte i 2020, der alle som vil, kan kome med innspel til nominasjonssøknaden. Vi treng di hjelp til å sette ord på bunadtradisjonen, bevisstgjere bunadbrukaren og definere viktige vernetiltak for at kulturtradisjonen og dei gamle handverksteknikkane skal vidareførast.