Gunhild Stykket. Meistersaumaren frå Roheimslia

1. Mai 2020

Gamle kvaler

Under et besøk hos Helga Fahre Bergland i Lunde, kom det en samling med vakre silkekvaler på bordet. Helga fortalte at disse var sydd av Gunhild Stykket. Hun levde fra 1840- 1940 og kom fra Roheimsheia i Bø. Gunhild var viden kjent for saumen sin. Kvalene i Helgas samling er brodert i smøygteknikk med silkegarn. De er ekstra finstilte og vakkert sydd. Men så hadde jo damen sydd i nesten 100 år! I et par gamle artikler kan vi lese litt om hvem denne meistersaumaren var.

Ola Nordbø var en lokal skribent som hadde artikler på trykk i flere lokalaviser. Det er ukjent fra hvilken avis følgende klipp er hentet, men den er datert 14. februar 1939. Artikkelen var artig lesning, men et produkt av sin tid, full av mer eller mindre tvilsomme betraktninger rundt Gunhilds liv som ugift. Så jeg tillater meg å hente ut noen enkeltavsnitt som forteller mye om hvem Gunhild Stykket var.

«Arbeidsvant var ho frå ho frå ho var lita, vant til å henge i seint og tidleg, nevanyttug og handig, framifrå til å saume ut kvalar og stasplagg.

Ho var ofte på staulen om sumaren. Der var eit friluftsliv. Og ho blei frisk og sterk. Og livet gjekk sin vante gang. Ho streva og arbeidde, stulla og sauma og stuka eismal saman med syskina på gamaldags god bonde-vis, utan pudder og sminke, høge helar og lakksko, nikkers og anorakk. Ho vilde ikkje vera filmstjerne og Greta Garbo men rett og slett gjente frå Roheimsheia.»

«Ho sauma og pynta brurer og gjøle gjentur som vilde blenkje og glime i guteaugo.»

«Som gamal flytta Gunhild frå Roheims-heia og ned til bygda. Men sauma gjorde ho no som før. Ho var av dei arbeidsmenneske som må ha noko å gjera. Arbeidsløyse er eit ord som ikkje stend i ordboka hennar.»

«For saumen sin fekk ho premiar og påskjønning. Ho stilde ut fleire gongor, blant anna på Ungdomsstemna i Bø. Og alltid vekte saumen hennar åtgaum. Og ho selde ikkje so lite heller.»

«Professor Johan Meyer som har gjeve ut det store verket “Fortids kunst i Norges bygder”, fekk tak i nokre kvalar og reiste med til Trondheim. Det var noko å syne studentane. Det var mat for Mons.»

«Rosune vil lyse og leva etter henne gjennom lange tider. Det var hennar livs-glade fargetestamente til ettertida og den unge ætta, ein arv dei har å verne om og vyrdsla, om dei då skjønnar på det.»

Ola Nordbø mente at Gunhild burde ha seg et stev:

«Ho burde havt seg eit stevjasvers Gunhild Stykket. Men det når ingen innan har dikta det so fær eg gjera det.

Her er et par av versene fra stevet:

Frå alle brurene du har stasa,

du burde havt deg ein blomstervase.

Frå alle gjentun’ du pynta har,

du burde havt deg båd’ grunn og gard.

Ja alle trådane du har tauma,

og alle kvalane du har sauma,

Og alle rosun’ du sauma ut,

var stas åt gjentun som slo deg ut.

Ja alle fargane du har gauma,

og brurestasen som du har sauma

det lyser mot deg til seinste kveld

som regnbogsfargar på himmeltjeld.

Et besøk hos Gunhild Stykket

Fra artikkelen til Aasta Wergeland, «Ei vitjing hjå Gunhild Stykket, Bø i Telemark», har vi hentet følgende klipp der hun skildrer besøket sitt hos Gunhild Stykket på Roheimsheia:

«Fleire einbølte heigardar hadde me gjenge framum, då me brått kom fram til ei heil grend. Det var Roheimgardane i Bø i Telemark. Øvste garden i grenda nemnst Stykket, det var dit me skulde og vitja ei 95 år gamal gjente.

Soga hennar Gunhild er eit eventyr. Gunhild vart tidleg farlaus saman med ein bror og ei syster. Mora streva hardt med å halde heimen saman. Då fann Gunhild og systeri, Guri, på at dei kunde sauma og selja ovdeilkvalar (hals- og handelinningar til skjorter). Mora var sers hug med hendene og hadde tidleg lært dei å smøygje (ein slags stoppesaum) kvalar.

Johan Meyer skriv i «Telemark» av «Fortidskunst i Norges bygder»:

«Høit skattet var slike arbeider fra Torbjørg Stykket og hennes to døtre oppe fra Roheimsheien mellom Bø og Hitterdal.

Det var ikkje so mange som kunde smøygje no lenger, folk hadde so mykje anna å gjera, men kjøpe vilde dei gjerne. Guri var kleinhelsa og so vart det Gunhild som måtte traske den lange vegen ned til bygdi. Det var mykje over mila til første storgarden, eit drugt stykke millom kvar storgarden var det og, so det tok tid fyrr ho kom heim att frå ein bygdetur. Men so fekk ho gode pengar for arbeidet sitt.

No sit ho att aleine på garden, dei andre er burte for lenge sidan, men garden sin eig ho og meir til.

Lat oss høyre kva ho sjølv segjer.

Me kjem gjennom eit le inn på ein stor, god setervoll. Garden vert berre bruka til seter no. Me lyt stanse og sjå utyver. Å, for eit syn! Fyrst ser me heile Roheimsgrendi og like nedanfor har vi Belatjønn. Litt lenger burte eit anna blankt vatn og langt der burte ser me sjølve Gausta. Rundt det heile skogkledde lier og åsar. Det er ikkje rart at gamle Gunhild må vera her ein tur kvar sumar, resten av året bur ho nede i storbygda.

Me gjeng fram til husa og finn Gunhild sitjande ute og binde limar. Ei bygdekone som er med oss, gjeng burt og helsar goddag.

«Goddag, kvar er du frå?» spør Gunhild. Kona svarer at ho er nede fra bygdi.

«Kvar hev du vore no då?» Ho kom heimanfrå.

«Kvar skal du av då?» Ho skulde berre hit og helse på henne.

(No må ikkje lesaren tru at ho spurde av nyfikne, nei, dei spurde slik i gamle dagar).

Bygdekona fortel so at me kom for å få henne til å sjå på noko gamal saum me hadde med, og so få henne til å fortelja litt frå gamal tid. Ho var ikkje vond til å beda, det var berre litt tungt å tala med henne, for ho høyrde so lite, dårlig såg ho og. Men lell kjende ho att mange av kvalane og nemnde namn på dei og på dei einskilde krokane i saumen.

Kvalene fekk oftast namn etter den betalingi dei fekk for dei. Soleis var det 7 marks, 9 marks, 3 dalars kvalar o.s.b. Det meste ho nokon gang hadde fenge for ein kvale var 16 kroner, men han var til ei brureskjorte, og ho skulde vera finare enn alle andre si skjorte.

Me spurde kvar ho fekk mynstra frå. «Jau, eg såg etter gamle kvalar, elles so dikta eg no og når det trengdes. Du må kunne dikta skal det verta noko av det, ser du!»

Bygdekona fortalde at eg hadde lært meg å smøygje, men det tvila ho Gunhild på.

«Hm, kan ho gjera slikt noko ho då?» mumla ho og såg på meg. Ho fekk sjå ein av kvalene mine, då livna ho.

«Du kan selja denne, du kan tena penger på desse, jau sann, du kan nok tene mange pengar.»

Me synte henne og noko rosesaum, nei det var ikkje noko, ho kunne heller ikke den slags saum.

Brått kom ho på noko og ropa på ei ung gjente som var med henne, ho skulde setja over kjelen, me måtte ha kaffi. Me sa nei takk til kaffien, då spurde gjenta om me heller vilde ha litt sur mjølk å drikke og det vilde me gjerne. Det hadde nok ikke Gunhild høyrd, for då gjenta kom med mjølk vart ho reint forstøkt, slik var då ikkje noko å bjoda framande.

Fyrr me gjekk, måtte me inn å sjå huset hennar. Det var eit timra hus med eit stort rom og ei kove på kvar side av ein gong. Koseleg og triveleg som dei fleste fjellgardar. Det var nok ikkje berre sopelimar Gunhild kunne laga, no fekk me sjå ein 30-40 tvugur ho hadde arbeid. (Tvugur er gryteskrubbar laga av eit eige slag gras og lyng.) Både desse og limane var fast og godt gjorde, det var nesten utrulig at den gamle orka draga bandi so fast til. Me tvo byfolka stod å ynskte oss kvar vår tvugu, men tykte ikkje me kunne tigge heller. Då tek ho Gunhild brått eit par og gjev bygdekona for dei hine vil vel ikkje ha noko slikt, meinar ho, enden vart at me fær kvar vår tvuga.

Me ber velliva og takker for oss og gjeng. Det siste me høyrer er Gunhild som segjer: «Gu sign.»

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...