Heilt frå eg oppdaga desse gamle overliva frå Tysnes i silke og brokade og andre kostbare stoff, og med nydelege silkekvaringar og sølvband, har eg vore fascinert av dei. Dei bryt tvert med dei førestillingane ein gjerne har om eit bygdesamfunn i Sunnhordland på 1800 talet - og før, med berre mørke, tunge klede, tilverka i heimevove vadmål. Eg ynskjer såleis å synleggjera dette mangfaldet, både i fargar og materialar. Det er ein viktig del av kulturarven, og syner oss at ikkje berre materialar som var tilverka i heimen og bygda vart brukt. Folk ønskte å pynta seg den gong som no, og gjekk ikkje or vegen for å bruka “framande” materialar. Dei la mykje arbeid og kapital ned i draktene. Her til lands gjekk også småbøndene i flotte drakter, pynta med silke, sølv og gull.
Magasinet BUNAD AS
Kverndalsgata 8
3717 Skien