Ny bok frå Smøyg forlag: Barbro broderer

3. Oktober 2019

Livslang kjærleik til nål og tråd

Barbro Tronhuus Storlien, kjent som @frustorlien i sosiale medium og frå bloggen Fru Storlien, er ikkje berre bunadtilverkar, buntmakar og leiar av Norges Husflidslag. Ho er også ein svært populær kurshaldar, og ein av dei siste i Noreg som broderer profesjonelt. Nå kjem ho med si første bok: Barbro broderer — Tanker, tips og teknikker.

Barbro har brodert sidan ho var lita jente, og favoritteknikkane er plattsaum og fritt broderi. "Om nokon spør kva eg ville hatt med til ei øde øy, ville nok nål og tråd og eit par stoffbitar stått høgt på ønskelista," seier Barbro i innleiinga til boka. Og at kjærleiken til broderiets fargerike mysterier er sterk, er tydeleg frå perm til perm. I både tekst og bilde får me presentert ikkje berre tips og råd og konkrete teknikkar frå broderiinstruktør Storlien — Barbro tar også fram bloggaren i seg og fortel personleg og kjenslevart om broderi i skoletimen, om kultur- og kvinnehistoria bak tynne trådar og korte sting, om indre motivasjon og ytre demotivasjon — kort sagt om kva som driv ei moderne dame til å satsa på broderi som yrkesvei i eit samfunn der alt skal gå så fort.

Via et av skjebnens luner fikk jeg jobb på Husfliden i Oslo i 1996, i garnavdelingen. Der hadde vi godt utvalg av strikke- og vevgarn, og i tillegg broderigarn i bomull, lin, ull og det mest enestående: Zwicky brodersilke. Jeg var i himmelen. Og etter det har jeg brodert.

Boka er delt inn i kapittel med ulike tema, og tar føre seg både praktiske tips og teknikkar, gjennomgang av dei viktigaste stingtypane og praktisk informasjon om utstyr og råvarer, og meir filosofiske tema som broderi som mindfullness, korleis ein som nybegynnar kan få eit positivt forhold til noko ein synst er vanskeleg, og ikkje minst ein stor del om broderi som kulturarv.

Som bunadtilverkar har Barbro brodert utallige bunader frå land og strand, og ho viser ofte til ulike bunader for å illustrera både stingtypar, teknikkar og anekdoter frå systua. Men tradisjonsberaren er også avant garde, og viser fram mange flotte og moderne broderi ho har laga med djup respekt for tradisjonen.

Barbro broderer — Tanker, tips og teknikker er gitt ut på Smøyg forlag, og er tilgjengelig i nettbutikken vår.

Magasinet BUNAD AS

Kverndalsgata 8

3717 Skien




Copyright © 2020 Magasinet Bunad


  • Loading ...
    Loading ...